Hopp til innhold

Vingnesbrua blir stengd for biltrafikk

I kveld har kommunestyret bestemt at Vingnesbrua skal bli gang- og sykkelveg. Saka har vekka sterke reaksjonar, og lokalbefolkninga er splitta.

Vingnesbrua vinter

Vingnesbrua blir stengd for biltrafikk frå og med 12. mai.

Foto: Arvid Torsgard / NRK

Mange fleire tilhøyrarar en normalt møtte opp på Lillehammer kommunestyre for å få med seg utfallet, og resultatet var at det kjende landemerket blir stengd for biltrafikk frå og med 12. mai i år.

– Eg synst det er eit trist vedtak, for Vingnes sin del, seier Line Fuglehaug som ein av mange engasjerte.

Splitta befolkning

Dette har vore ei svært omstridt sak for dei som brukar brua, Henrik Stjer er ein av dei som er for dette vedtaket.

Line Fuglehaug

Line Fuglehaug som bur på Vingnes er ikkje nøgd med vedtaket.

Foto: Arvid Torsgard / NRK

– Stå her ein ettermiddag eller ein morgon og tel kor mange gongar fartsmålaren blenker raudt, ingen av dei som køyrer her held fartssona, seier Henrik Stjer.

Vingnesbrua vart bygd i 1934 og er eit nasjonalt kjennemerke frå helt sidan krigen då nordmenn forgjeves sprengde brua for å halde tyskarane unna. No stridast det om konsekvensane av å forby biltrafikk som gjer at lokalbefolkninga må bruke E6-brua til og frå byen.

– Eg er einig i at det hadde vore fint med ein gang- og sykkelveg, men det er tøysete arrogant å påstå at dette er ein gåvepakke til oss som bur på Vingnes, vi mistar ein lokalveg, meiner Line Fuglehaug.

Fordel å stenge

Både Fuglehaug og Stjer bur på Vingnes, på vestsida av Lillehammer. Likevel er dei er sterkt ueinige om det er riktig å innføre bilforbod. Uansett har det vore eit klart politisk fleirtall for å gjere brua til ein gang- og sykkelveg.

Espen Granberg Johansen

Ordførar i Lillehammer kommune, Espen Granberg Johansen tar trafikksikkerheit på alvor.

Foto: Arvid Torsgard / NRK

– Det er bra at vi tar trafikksikkerheit på alvor. Vi må fyrst og fremst prøve å førebygge og unngå alvorlege trafikksituasjonar, og då prioriterar vi mjuke trafikantar, seier ordførar i Lillehammer, Espen Granberg Johansen.

– Saka har engasjert så sterkt at enkelte ikkje tør å bli intervjua fordi personbelastninga er blitt for høg.

I fjor vart brua prøvestengd i to månadar, noko som skapte store diskusjonar.

– Sist sommar, eg har aldri sett så mange folk som har gått over brua og brukt den, fortel Stjer.

Flere saker fra Innlandet