Hopp til innhold

Vinden tok taket på stabburet

Gardbrukar Hans Olav Skogli (56) opplevde nyleg noko han seint vil gløyme: Stabburstaket reiste av garde.

Stabburtaket føyk av stabburet

TAK PÅ TUNET: Vinden tok skikkeleg tak, og plutseleg var det eit halvt stabbur på tunet.

Foto: Monica Undheim Skogli

– Det knaka i husveggane. Det var nesten som det rista heile huset. Kjøkkengolvet vibrerte, det kjende eg då eg la hendene på bordet. Det var rett og slett utriveleg, seier Hans Olav Skogli.

Han er gardbrukar og driv med mjølkeku på garden Skogli på Nord-Tretten i Gudbrandsdalen. Han er føydd og oppvaksen der, og onsdag sat han og åt middag då vinden tok tak.

– Eg har aldri opplevd noko slikt før. Eg var redd glaset skulle komme gjennom stovevindauget. Det var nifst, seier Skogli som først uttalte seg til avisa GD.

Taket hamna på tunet

Det var to til på garden ute, og då dei skulle komme seg inn i stova frå verandaen, strevde dei med å få igjen døra.

– Den går utover, og det var så vidt dei fekk den att, seier Skogli.

Hans Olav Skogli

NIFST: Hans Olav Skogli synest det er nifst korleis den sterke vinden kunne ta tak.

Foto: Privat

Dei hadde så vidt kome seg inn, og då såg Skogli ein «skugge» som for forbi kjøkkenglaset der han sat.

– Det som først slo meg var at det var taket på eit overbygg for nokon utegåande kalvar, seier Skogli.

Då han reiste seg opp såg han kva som hadde skjedd.

Då såg eg stabburstaket låg på tunet. Det hadde slått salto over ein traktor som stod der, seier han.

Stabburtaket føyk av stabburet

RETT AV: Klokketårnet som sat på stabburet ligg no ved sidan av.

Foto: Monica Undheim Skogli

Søkte ly i kjellaren

Det tok ikkje lange stunda før dei tre gjekk ned i kjellarleilegheita hjå mor til Hans Olav.

– Eg tenkte det var litt tryggare der nede, for kjellaren blir jo kanskje ståande att dersom huset reiser. Så då flaug me ned der, seier han.

Dei sat der ei stund, til det hadde roa seg. Først då drista dei seg opp igjen.

– Då kunne me sjå stabburstaket hadde tatt ein tur, seier Skogli.

Stabburet står att

UTAN TAK: Av stabburet, som har vore brukt som lager, står berre halvparten att. Skogli er enno ikkje sikker om dei skal restaurere stabburet igjen.

Foto: Monica Undheim Skogli

At vinden var så sterkt synest Skogli er utriveleg, for det restaurerte lafta stabburet frå Engerjordet, lenger ned i Tretten, har stått på tunet i 36 år.

– Når ein tenkjer på dette med klima, så ser ein det at det held på å endre seg. Det er ikkje tvil om det. Slik vind har eg ikkje opplevd oppi her, nokon gong. Det var det kraftigaste eg har sett, seier Skogli.

– Før så var det berre artig å gå ut når det bles litt, men no blir det meir at ein trekk inn for å føle seg trygg. Viss det held fram slik er det nifst, seier han.

Stabburtaket føyk av stabburet

FLYTTA TAKET: Stabburstaket måtte flyttast med ein traktor for at mjølkebilen skulle kunne få komme fram, etter at forsikringsselskapet hadde gitt løyve.

Foto: Monica Undheim Skogli

Flere saker fra Innlandet