Hopp til innhold

Vil sleppe slangar inn i heimen

Mattilsynet vil la deg få ha reptil og amfibium som kjæledyr.

Boa constrictor

Snart kan du ha ein slik kongeboa rundt halsen i din eigen heim. I allefall dersom

Foto: Eli Bjelland

Som einaste land i Europa har Noreg framleis eit totalforbod mot å ha reptil og amfibium som kjæledyr.

Nå vurderer Mattilsynet og Landbruks- og matdepartementet om forbodet frå 1976 bør opphevast for nokre artar.

- Det er eit behov for oppdatering av regelverket. Tilhøva har endra seg sidan forbodet kom, seier rådgjevar Maria Veggeland i Mattilsynet.

Nå kan det bli lov med omlag 30 artar, som til dømes kongeboa, regnbueboa, argentinske hornfroskar og leopardskilpadder.

Sjå Mattilsynet si pressemelding her.

- Mange ulovlege slangar

Til trass for at det i dag er eit forbod, er det likevel mange som held slike husdyr. Anslagsvis er det mellom 10.000 og 100.000 ulovlege reptil og amfibium her i landet. Nyleg vart ein mann frå Kongsvinger-området dømt for å ha to ulovlege slangar.

Ein av dei som tekhand om beslaga som politi og tollvesen gjer, er Øyvind Ørmen ved Mattilsynet sitt kontor i Kongsvinger.

- Vi har gjort beslag av øgler, tigerpyton, snoker og boaer. Vi har sett både ukjente og truga artar, seier Ørmen.

Les meir om krypdyr og reptiler

Les også: Smuglet slanger og valp

- Premierer smugling

Han seier at dei plasserer dei beslaglagte slangane i reptilsentre eller dyreparkar. Dei får ikkje omplassert alle, og ein del må avlivast.

Nå kan det bli langt færre reptil å ta hand om, dersom Mattilsynet får støtte i departementet i sitt ynskje om å oppheve forbodet for ein del artar.

Dyrevernalliansen og deira biolog Anton Krag, er skeptisk til å oppheve forbodet. Han meiner det blir som å premiere dyresmugling og ulovleg dyrehald ved å legalisere store delar av det.

Flere saker fra Innlandet