Helse Sør-Øst har lagt fram planane for sjukehusa i Innlandet på ei pressekonferanse på Hamar.
Dei bekrefta at dei vil legge ned to sjukehus og legge det nye fellessjukehuset i Brumunddal.
BRUMUNDDAL: Helse sør-øst vil truleg legge Mjøssjukehuset i Brumunddal.
Foto: Geir Olav Slåen / NRK– Vi håpar ikkje det blir politisk rot no, slik at dette ikkje blir noko av, seier Gerd Elisabeth Nonstad som har sitte i styringsgruppa.
Ho har sitte i styringsgruppa som no har vedteke planane som ei prosjektgruppe har laga. Endeleg vedtak blir gjort 4. februar neste år.
Slik blir helsetilbodet i Innlandet:
- Felles Mjøssjukehus i Brumunddal
- Akuttsjukehus i Lillehammer
- Sjukehus for planlagde behandlingar i Gjøvik
- Akuttsjukehus på Tynset.
- Stort lokalmedisinsk senter i Elverum
- Lokalmedisinske senter på Otta, Fagernes og Hadeland
- Base for luftambulanse på Dombås
- Base for luftambulanse i Elverum
SLIK BLIR HELSETILBODET: Sjukehus på Lillehammer, Gjøvik, Kongsvinger og Tynset. Mjøssjukehuset i Brumunddal. Lokalmedisinske senter på Otta, Fagernes, Elverum og Hadeland. Ambulansebasar på Dovre og Elverum.
Foto: Illustrasjon: Marte Iren Noreng Trøen / NRKElverum, som mistar sjukehuset sitt, får i staden eit stort lokalmedisinsk senter. Dei får også ein ny base for luftambulanse.
– Elverum får eit like godt tilbod med eit lokalmedisinsk senter, seier Rune Aarbø Reinaas, som har leia prosjektet.
Sjukehus i Brumunddal
Helse Sør-Øst la også fram ein samfunnsanalyse dei har jobba fram, som er mykje av grunnlaget for å legge sjukehuset i Brumunddal.
Den viser blant anna kor folk vil bu i framtida, og kor det blir mest berekraftig å plassere Mjøssjukehuset.
Øystein Berge har sitte i styringsgruppa som vedtek planane.
Foto: Knut Røsrud / NRKØystein Berge som er prosjektleiar i COWI, fortel at sjukehuset ikkje vil stå klart før 2040 og rekrutteringsprimissa vil ha endra seg då.
– Halvparten av dagens tilsette vil ha gått av med pensjon, seier han.
Han seier dei aller fleste sjukehustilsette kjem til å bu i byane i framtida.
– Vi meiner Brumunddal har best rekrutteringsevne, seier Berge.
Det har lenge vore planar om at dette sjukehuset skulle hamne i Moelv. Styringsgruppa forklarer at dei gjekk vekk frå det på grunn av at førutsetjingane endra seg.
Først hadde dei planar om å legge ned fire sjukehus, men prosjektleiar, Rune Aarbø Reinaas, fortel at Brumunddal passar godt opp mot plasseringa av dei to andre sjukehusa, Lillehammer og Gjøvik.
Cathrine M. Lofthus, som er administrerande direktør i Helse sør-øst, seier ho forstår at det er mykje kjensler rundt dette.
Foto: Knut Røsrud / NRK– Eg trur alle variantar ville gitt reaksjonar. Det var ein prosess i Innlandet der ein var veldig einige om dette Mjøssjukehuset, men då skulle det ikkje vere nokon andre sjukehus, seier Cathrine Lofthus i Helse Sør-Øst.
Kor i Brumunddal sjukehuset skal byggast, er ikkje bestemt.
Legg ned to sjukehus
Når det skal byggast eit nytt felles sjukehus, må to av dei noverande sjukehusa leggast ned. Blant anna i Elverum har mange kjempa hardt for å få behalde sjukehuset sitt.
Helse sør-øst bekrefta at dei vil legge ned sjukehusa på Hamar og Elverum.
LEGGAST NED: Folk i Elverum har lenge kjempa for å få behalde sjukehuset sitt. Helse sør-øst vil legge ned, men i staden lage ein ny base for luftambulanse her.
Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRKRune Aarbø Reinaas, som er leiar av prosjektgruppa fortel at Hamar sjukehus har for dårleg bygningsmasse, slik at det vil bli for dyrt å få til eit akuttsjukehus der.
– Og så har vi sett på Elverum for akuttsjukehus, men det vil gi for lite opptaksområde for å ta vare på kvalitet, seier Aarbø Reinaas.
Han fortel at dei vil legge akuttsjukehuset på Lillehammer. Han bekreftar også at Gjøvik får sjukehus for planlagde behandlingar.
– Gjøvik vil vere ein god plassering med tanke på befolkningsgrunnlag, og vil legge til rette for god rotasjon med fagfolk mellom akuttsjukehuset og Mjøssjukehuset, seier han.
Dei psykiatriske sjukehusa, Reinsvoll og Sanderud blir også lagt ned. Dei psykiatriske tenestene skal hamne i det nye sjukehuset i Brumunddal.
No skal dette forslaget til Sjukehuset Innlandet før det går tilbake til styret i Helse sør-øst. Så går saka til helseministeren neste år.
- Les også:
- Les også: