Trass i at den blir rekna blant det norskaste av det norske, blir det stadig færre brunostar på norske frokostbord. Samtidig er Tine i ferd med å miste delar av marknaden til konkurrentar som Synnøve Finden.
Tine vil derfor truleg spare pengar ved å leggje ned brunostproduksjonen ved minst eit meieri, og det er Lom/Skjåk og Ørsta som har lege dårlegast an.
Vil legge ned Lom og Skjåk
Ei eige arbeidsgruppe i Tine har arbeidd med saka dei siste månadane. Dei la fram sine tankar for leiargruppa i konsernet i går. Klokka 9 i dag fekk dei tilsette ved meieriet lagt fram resultatet på eit allmøte.
Dei tilsette ved meieriet i Lom og Skjåk var svært skuffa da dei fekk beskjed om at drifta sannsynlegvis vil bli lagt ned.
Foto: Aslak Ballari / NRKDer kom det fram at gruppa vil gå inn for å leggje ned meieriet i Lom og Skjåk, og kutte brunostproduksjonen i Ørsta.
Tine understrekar at dagens konklusjon berre er ei innstilling, og det blir nye høyringsrunder før saka blir endeleg avgjort i konsernstyret til hausten.
– Bør ha fotfeste i dalen
– Eg trur den konklusjonen som kjem i dag vil bli førande for den vidare prosessen, sa tillitsvalt ved anlegget i Lom og Skjåk, Frode Aurmo, før møtet i dag.
Han er skuffa, men ikkje spesielt overraska over arbeidsgruppa si innstilling. Han meiner det er fleire gode grunnar til at anlegget øvst i Gudbrandsdalen bør oppretthaldast.
– Gudbrandsdalsosten bør ha eit fotfeste her i dalen. Tine bør velje kvalitet, og det står vi for, meiner Aurmo.
– Sjokkert
Fungerande ordførar i Lom, Mai Bakken, rasar også mot arbeidsgruppa si innstilling.
– Eg vart sjokkert, vi var rett og slett ikkje førebudd på at det skulle kome eit negativt svar.
Ho vil likevel ikkje gje opp kampen riktig enda, og meiner Tine ikkje ser kva dei er i ferd med å gje slepp på.
– Dei tek ikkje omsyn til kor viktig det er med merkevarebygging. Det er vanskeleg å forstå at dei ikkje vil produsere gudbrandsdalsosten i Gudbrandsdalen, seier Mai Bakken.
Sparer 7 millionar
Tine meiner dei vil spare 7 millionar kroner dersom dei kuttar brunostproduksjonen i Lom/Skjåk og i Ørsta.
– Vi treng ein effektiv og framtidsretta industri for å møte auka konkurranse, seier visekonsernsjef Stein Øiom i ei pressemelding.
Han forstår likevel at dette på ny gjer dei tilsette utrygge.
– Skulle dette bli vedtatt vil Tine følgje opp dei tilsette, seier Øiom.
Gudbrandsdalsost?
Dersom meieriet i Lom og Skjåk skulle bli lagt ned vil det bety at gudbrandsdalsosten ikkje lenger blir produsert i dalen den har sitt namn etter.
Det må leggjast til at storparten av den raudbrune osten heller ikkje i dag blir produsert i Gudbrandsdalen.