Hopp til innhold

Fryktar kraftline vil øydelegge naturen i seks kommunar

Ei ny kraftline kan øydelegge skog, natur, frilufts – og bustadområde i 75 kilometer gjennom 6 kommunar. Nå vil ordførarane ha lina i bakken, i ein nedlagt jernbanetrase.

Ordfører Ola Tore Dokken i Nordre Land under kraftlinja fra Åbjøra gjennom kommunen

SKAL ERSTATTAST: Ordførar Ola Tore Dokken i Nordre Land framfor kraftlina som skal erstattast av ei ny. Som kan bli enda høgare og ta like stor plass i breidda. Men i ein ny trase.

Foto: Inger Johanne Solli / NRK

Kraftlina mellom Åbjøra i Valdres og Gjøvik vart sat opp for 60–70 år sidan.

Og no må den bytast ut.

Oppå straumkablane vil ordføreran legge sykkelveg, samanhengande frå Toten til Fagernes. Akkurat der Valdresbanen gjekk før i tida.

Nettselskapet Eliva planlegg ei ny, kraftigare høgspentline som kan få fram meir straum. Den skal gå til industri og hushaldningar i Mjøsområdet.

Men den tar stor plass. Traseen er 50 meter brei.

Kraftlinje gjennom Nordre Land

I DAG: Kraftlina frå Valdres til Gjøvik må bytast ut for å sikre straumforsyning til Mjøsområdet.

Foto: Inger Johanne Solli / NRK

Omsyn til folk og natur

Ei ny kraftline kan ikkje ligge i den same traseen som den gamle. Blant anna fordi den gamle lina må vere i bruk medan ei ny blir bygd.

Nå har Elvia tre forslag til ny trase, som NVE har bedt råka kommunar og organisasjonar si meining om.

Ola Tore Dokken er ordførar i Nordre Land. Heile tre mil av den nye høgspentlina skal gå gjennom kommunen. Og begge dei to føreslåtte traseane kjem til å gå nær kommunesenteret Dokka.

Mens Elvia vil byggje ei ny kraftline, vil ordføraren legge den i bakken, langs traseen til Valdresbanen.

– NVE og Elvia bør ta omsyn til både naturmangfaldet, skogbruksinteresser og interessene til bebuarane, seier Dokken.

Ordfører Ola Tore Dokken i Nordre Land

GAMLE SPOR: Delar av gamle Valdresbanen er forfalle og farlege å passere, seier ordførar Ola Tore Dokken. Slik som t.d. denne brua

Foto: Inger Johanne Solli

Sykkelveg heilt til Vestlandet

Ola Tore Dokken synest ideen om ein sykkelveg langs den gamle traseen er genial. Og at kraftlina kan vere løysinga for å få det til.

– Tenk å sykle samanhengande på fin sykkelveg gjennom nydeleg natur frå Toten til Valdres. Derfrå kan du sykle over til Hallingdal om du vil – og så vidare til Vestlandet.

Dokken ser for seg at det godt bevarte stasjonsområdet på Dokka i framtida kan bli ein fin stad å stoppe for syklistar.

Sykkelsti i traseen til Valdresbanen

SYKKELSTI LANGS TRASEEN: Frå Fagernes til Leira i Nord-Aurdal er det allereie lagt sykkelsti i den gamle jernbanetraseen

Fleire av stasjonsbygga langs Valdresbanen er seld til privatpersonar. Men Bane Nor eig sjølve jernbanen. Planen er at kommunane skal ta over traseen. Men ingen av dei vil drive ei gammal jernbane.

For svillene og stolpar er sat inn med kreosot, eit stoff som forureinar og er eit miljøproblem. Da vil dei heller bli kvitt den.

Ola Tore Dokken meiner Bane Nor bør ha samtalar med Elvia om forslaget om å legge kraftlina i jernbanetrassen.

For dyrt

Men å legge den i bakken gjennom den svingete jernbanetraseen, kan gjera den to-tre gonger dyrare.

Prosjektleiar Jan Olav Grønvold i Elvia, seier den ny kraftlina er eitt av dei største løfta for Elvia på langt tid.

Jan Olav Grønvold - Elvia

DYRT: Prosjektleiar i Elvia, Jan Olav Grønvold, seier det blir mykje dyrare å legge kablane i bakken i staden for å ha dei i lufta.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Etter dagens prisar vil den koste mellom 500 og 600 millionar kroner.

Lisa Vedeld Hammer, seksjonssjef i seksjon for nettkonsesjonar i NVE seier at ønskje om jordkabel i staden for luftleidning er noko NVE får i fleire saker.

– Vi har ikkje tatt stilling til innspillet per i dag, men vi tar det med i vurderingane vidare, seier Vedeld Hammer.

Eigedomssjef i Bane Nor, Tove Reine Steinheim Solbakken, seier på si side til NRK at dei ventar og ser kva dei andre partane seier, før dei gjer noko som helst.

Les også Nå må tusenvis av grunneiere betale skatt for kraftlinjene til Statnett

Sven Åke Hagen, grunneier Misvær

Mister mykje skog

I Nord-Aurdal fortvilar skogeigar Inger Torun Klosbøle.

Den nye kraftlina kjem til å gå gjennom skogen hennar og svært nært garden.

Ho støtter ordførarane som vil legge den i bakken i den gamle jernbanetraseen.

– Eg vil ikkje at mine etterkommarar skal få ei kraftline så tett innpå garden. Verdifulle kulturminne kan bli sterkt råka, blant dei det nyleg freda krigsminnet Bangsbergatn. Med å legge den i bakken langs jernbanesporet unngår vi begge dele, seier ho.

Inger Torun Klosbøle

PROTESTERER: Inger Torun Klosbøle er skogeigar i Valdres. Ho protesterer mot å få ei stor kraftline tett oppi garden. Og ho støtter forslaget til å bruke traseen til Valdresbanen.

Foto: Inger Johanne Solli / NRK

Les også Vil bygge ny kraftlinje i omstridt vindkraftområde – mer urørt natur rammes

Les også Dobbelt så høye strømmaster – ordføreren er rystet

Strømmaster i Bærum: Eivind Heide Collin bor i Bærum og ikke langt unna hagen ser han hver dag på en 21 meter høy strømmast. Høyden på denne skal øke til 38 meter.

Flere saker fra Innlandet