Hopp til innhold

– Treårig skule eller ingenting – Fylkestinget direkte nå!

Dovre-ordførar Bengt Fasteraune er ikkje interessert i ein eittårig vidaregåande skule på Dombås. Blir det vedtatt vil dei droppe sine byggjeplanar.

Bengt Fasteraune

Bengt Fasteraune seier at dei ikkje er interessert i å byggje ein skule for eit eittårig løp.

Foto: Terje Gording Hong / NRK

I Fylkestinget i dag blir det truleg bestemt å opprette eit vidaregåande skuletilbod på Dombås. Det vil innehalde eit eittårig tilbod i studieførebuande fag, samt eittårig tilbod i service og samferdsel og helse- og oppvekstfag.

Det er ikkje dovringane interessert i, seier ordførar Bengt Fasteraune, som i dag følgjer fylkestingsmøtet på Lillehammer.

– Det er eit tilbod som absolutt ingen vil ha, korkje elevar, lærarar eller politikarar. Det er heller ikkje noko økonomiske eller faglege grunnar til å gjere det slik, seier Fasteraune.

Dovringane meiner at dei vart lovd eit fullverdig, treårig vidaregåande tilbod da det vart bestemt at skulen på Hjerleid skulle leggjast ned tidlegare i år. Forslaget om eit eittårig tilbod har skapt sterke reaksjonar, og Arbeiderparti-politikarar i Lesja og Dovre har truga med å melde seg ut av partiet.

Vil ikkje bygge ny skule

Det er Dovre kommune som skal byggje lokala som ein vidaregåande skule på Dombås skal nytte. Det blir ikkje aktuelt dersom det foreslåtte tilbodet blir vedtatt, seier Fasteraune.

Buss frå Dombås på veg mot fylkestingsmøte

Ein buss full med nord-gudbrandsdølar reiste nedover dalen for å følgje fylkestingsmøtet i dag.

Foto: Terje Gording Hong / NRK

– Dette er ikkje eit berekraftig tilbod, og da seier vi nei takk til det tilbodet. Eg tykkjer det er merkeleg at ein sit på Fylkestinget og fremjar forslag som ein veit ikkje blir realisert.

Ein heil buss med nord-gudbrandsdølar har i dag reist nedover for å følgje behandlinga i dag. Fasteraune seier at dei heile vegen har jobba for å få eit treårig tilbod på Dombås.

– Vi har prata med representantar som sit i vippeposisjon. Dei har eit inntrykk av at dette er eit godt tilbod, men det kan eg ikkje fatte og begripe. Når ein på ein sein nattestime kjem med eit forslag som ikkje er berekraftig, så føler eg at ein fremjar eit forslag som ein eigentleg ikkje vil ha.

Fleire av Arbeidarpartiet sine topp-politikarar i Dovre og Lesja har signalisert at dei vil melde seg ut av partiet dersom Ap sitt forslag til løysing blir vedteke.

Flere saker fra Innlandet