Hopp til innhold

Vil heller ta sjansen på smitte enn å døy av einsemd

GAUSDAL (NRK): – Det er mange måtar å ta livet av folk på. Det er ikkje bra å vere så einsam, seier Aslaug Bratteng.

Aslaug Bratteng kjenner på einsemd i koronatida

ÅLEINE: 80 år gamle Aslaug Bratteng har nesten ikkje kontakt med nokon no. Ho seier alle dagane blir heilt like og at tida går frykteleg sakte.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Den 80 år gamle kvinna bur åleine i bygda Gausdal og har ingen nær familie igjen. Ho flytta frå Oslo og tilbake til heimstaden då ho vart enke for 15 år sidan.

Då koronaen stengde frivilligsentralen, forsvann den einaste plassen Aslaug Bratteng treffer andre til vanleg.

– Det er «kjøle kjeitt» rett og slett. Når eg ikkje kjenner så mykje folk eller har noko familie blir det kanskje enno verre. Eg er veldig einsam.

Ville tatt sjansen

Bratteng har ei venninne i Sverige som ho snakkar på telefon med. Naboane var innom på ein kaffikopp for to veker sidan.

Elles har ho berre sett folk på butikken og dei går i ein boge rundt ein.

– Eg tenker at eg skal ringe nokon eg ikkje har snakka med på lenge, men så tenker eg at det sikkert ikkje passar. Så blir det ingenting, seier ho.

Aslaug Bratteng er einsam i koronatida

KEISAMT: Reiseplanane gjekk i vasken i år. Om det hadde vore mogleg å bestille seg ein tur, hadde ho likevel reist på flekken. Trass i smitterisikoen.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Ho er ikkje så redd koronaviruset. Og trur det kanskje er like ille å vere så åleine som ho er no. Om ho hadde hatt moglegheit til å treffe folk, hadde ho gjort det. Sjølv om det betyr risiko for å bli smitta.

– Det er fælt å seie det, men. Eg hadde mykje heller døydd av det enn einsemd. Sjølv om det sikkert er veldig ille begge deler.

Redd ho ikkje får reise meir

Denne våren og sommaren skulle 80-åringen ut å reise. Ho planla elvecruise, tur til Holland og festival i Sverige. Sidan ho ikkje kjenner mange i Gausdal, gler ho seg alltid til å reise bort.

– Eg må ut. Eg blir galen av å gå innom desse veggane. Eg har sitte her sidan i fjor sommar og gledde meg veldig til å reise.

Aslaug Bratteng

– BLIR GALEN: Aslaug Bratteng seier ho blir galen av å vere for seg sjølv innom husets fire vegger. Ho saknar aller mest å reise og treffe andre.

Foto: Hans Andreas Solbakken / NRK

Bratteng seier ho er redd samfunnet ikkje skal komme tilbake til normalen igjen i hennar levetid.

– Det kan hende eg har reist mi siste reise. Og mine siste år skal eg sitte her og glo. Det er aldeles forferdeleg, rett og slett.

Trur fleire har det slik

– Koronatida påverkar oss alle, men eldre er meir sårbare for det.

Det seier Jørgen Wagle, eldrepsykolog og forskar i Nasjonal Kompetanseteneste for aldring og helse. Han trur ikkje Aslaug Bratteng er åleine om å kjenne seg ekstra einsam no.

Jørgen Wagle, eldrepsykolog, forsker

EINSEMD: Jørgen Wagle seier om lag ein av tre i Noreg kan kjenne seg einsame. Han anbefaler at ein tar initiativ til å ringe folk litt oftare og kanskje invitere til å gå ein tur saman.

Foto: Martin Lundsvoll

– Blir ein eldre risikerer ein meir tap. Kjente og kjære kan falle frå, ein kan få sjukdom og liknande og alt dette kan gjere at ein kjenner seg meir einsam og isolert, seier han.

Han seier vi framleis ikkje veit heilt kva effekt korona-pandemien kjem til å ha på den psykiske helsa vår. Men at ein veit at det kan få alvorlege konsekvensar å bli sosialt isolerte over lengre tid.

Han oppmodar dei som er i Bratteng sin situasjon til å tørre litt meir.

– Vi har framleis ei moglegheit for å gripe situasjonen og gjere det beste ut av den. Du skal ikkje sjå bort frå at det er fleire der ute som sit i akkurat den same situasjonen som deg.

Han seier også at det finst ein del sårbare eldre som ikkje har ressursar til å ta tak i situasjonen sin. Wagle meiner helse- og omsorgstenestene må fange desse opp. Og at nettverket rundt må passe på.

– Dei er avhengige av at vi rundt bryr oss. Kanskje skal vi bry oss litt ekstra om dei eldre i denne situasjonen, seier Wagle.

Telefonvenn

Frivilligsentralen har måtte stenge ned ein del av tilbodet. Men no har dei etablert ei teneste med telefonvenn i staden for besøksvenn, fortel Inger Ellen Walhovd, leiar for helse og meistring i Gausdal kommune.

– Det er einsame folk som bur i husa sine rundt om kring i bygda. Mange lurer på korleis dette her kan løysast på ein god måte, fortel ho.

Inger Ellen Walhovd Gausdal kommune

TELEFONVENN: Inger Ellen Walhovd i Gausdal kommune, seier dei har tilbod om ein ringe-venn om ein kjenner seg einsam.

Foto: Hans Andreas Solbakken / NRK

Walhovd seier telefontilbodet har vore etterspurd i bygda. Men er likevel redd det finst ein del folk som ikkje tør å melde seg på ei slik teneste.

– Eg tvilar på at alle som er einsame tar kontakt. Det er mange som ikkje vil bry folk sjølv om dei syns dei har behov for hjelp. Dei er litt beskjedne.

Flere saker fra Innlandet