Hopp til innhold

Vil ha ungdom med på avstemming om Innlandet

Fleire ungdomsparti går saman om å krevje 16-årig stemmerett ved avstemminga om fylket Innlandet.

Det er partia Unge Venstre, AUF, Unge Høgre, Sosialistisk Ungdom, Grøn Ungdom, Raud Ungdom og KRFU som står bak forslaget som blir fremma i morgon.

– Det er ungdom som brukar nokre av dei viktigaste tilboda til fylkeskommunen, som kollektiv transport og vidaregåande opplæring, seier fylkesleiar i Unge Venstre, Omar Sukru Yagci.

Han meiner det difor blir rart om dei ikkje kan vere med og bestemme kva som vil skje med fylket.

Omar Sukru Yagci, fylkesleder i Unge Venstre Innlandet
Foto: Unge Venstre Innlandet

Flere saker fra Innlandet