Hopp til innhold

Klar for å ta i bruk genteknologi på norske kyr

Eit nytt lovforslag frå EU har sett fyr på debatten om bruk av genteknologi i norsk matproduksjon. Såkalla genredigert mat kan vere ein del av kosthaldet vårt om få år.

Geno Øyer

GODE GEN: I framtida vil vi ikkje nødvendigvis vite om kjøttstykket, osten eller mjølka kjem frå gen som er redigerte eller ikkje, fortel direktør i avlsselskapet Geno. Foto: Lars Erik Skrefsrud.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

I eit fjøs sør i Gudbrandsdalen, står nokre av Noregs flottaste kalvar på rekkje og rad.

– Her har vi no 156 kalvar, både oksekalvar og kvigekalvar, fortel Kristin Malonæs.

Ho er direktør i Geno, avlsselskapet som står bak suksess-kua som blir kalla «norsk raudt fe», men som kanskje er best kjent under forkortinga NRF.

Geno Øyer

SJEF: Kristin Malonæs er direktør i Geno. Her, på anlegget i Øyer litt nord for Lillehammer, er fjøset fullt av håpefulle kalvar. Dei beste blant desse blir såkalla «eliteoksar», og kan potensielt få tusenvis av avkom. Foto: Lars Erik Skrefsrud

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

NRF er den suverent vanlegaste kua i norske mjølkefjøsar. Og det er Geno som sit på genmaterialet, det vil seie sæden, til desse dyra.

Sæd frå NRF-oksen blir også eksportert til rundt 20 ulike land i verda.

Potensielt kan ein av kalvane som er i fjøset her få fleire tusen avkom, verda over. Men å avle fram ein okse som har det perfekte genmaterialet er krevjande, og kan ta fleire generasjonar.

Men no kan ein ny og til dels omstridd teknologi revolusjonere norsk husdyravl.

Endring – ikkje flytting

Den nye teknologien blir kalla Crispr. Enkelt forklart inneber Crispr at ein går inn i DNA-et til ein organisme, og klipper og limer i genmaterialet.

I motsetning til det mange tenkjer på når ein snakkar om GMO og genteknologi, inneber ikkje dette å flytte gena mellom artar.

Genredigering er med andre ord noko som i prinsippet er det same som konvensjonell avl. Det meiner Malonæs er vesentleg.

– For vår del handlar det om å bruke genredigering innanfor same art. Genredigering er presisjonsavl, og er eigentleg likt det vi allereie gjer i dag, berre at vi kan løyse utfordringane raskare.

I tillegg er teknikken også rimelegare og enklare enn tidlegare metodar brukt for å endre på genmateriale.

Geno Øyer

BETRE: NRF-kua har vorte avla fram for å ha best mogleg eigenskapar for kjøtt- og melkeprdouksjon, og dessutan best mogleg helse. Med genredigering kan denne kua bli endå betre, meiner Kristin Malonæs. Foto: Lars Erik Skrefsrud

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Seier ikkje nei til å ta i bruk genredigering

På Alm gard i Vardal har dei ikkje berre det som må vere områdets flottaste mjøsutsikt. Her har dei også drive med mjølkekyr sidan 70-talet. Og bonde Harald Børstad har over 30 års erfaring med avl.

Han meiner det er gode grunnar til å vere varsam med bruk av genteknologi, men er open for å ta i bruk den nye Crispr-metoden.

– Ein set seg gjerne mål når ein avlar. Ein har ei «draumeku» ein jobbar mot, og viss genredigering kan gjere at ein når dei måla mykje fortare, så har ikkje eg nokon betenkeligheter med det, seier Børstad.

Han meiner likevel bruken må vere fornuftig og regulert.

– Ein kan fort komme i situasjonar der ein vil møte på nokre etiske utfordringar.

Ville du kjøpt mat som er genredigert?

Ei restriktiv haldning

Men Noreg har tradisjonelt vore svært restriktive på bruk av genteknologi. Dagens regelverk er såpass strengt at det i praksis knapt importerast mat eller fôr som har vorte endra med genteknologi.

Dette er i motsetning til mange andre land, som USA, der mellom anna fôr til husdyr kjem frå genredigert soya.

I Noreg, og i delar av Europa, er det mellom anna krav om merking av all mat som inneheld gen som har vorte endra ved hjelp av genteknologi.

Med andre ord: Skulle ein teke i bruk Crispr-teknologien på kalvane hos Geno, ville ein måtte merke nesten all mjølk med GMO – altså genmodifiserte organismar.

– Det meiner vi ikkje er rett. Vi trur heller ikkje meieria vil stemple mjølka med GMO. Då trur vi forbrukaren vil reagere og heller ikkje ha nødvendig kunnskap til å vurdere kva produktet er, seier Malonæs.

Meiner merking er viktig

Og det er nettopp denne merkinga av genredigert mat, som no blir diskutert i EU. Eit nytt lovforslag opnar nemleg for å fjerne kravet om merking av mat som har vorte genredigert med Crispr-metoden. Lovforslaget ble først omtalt av Nationen.

Det har aktualisert debatten om regelverket i Noreg.

Økologisk Noreg høyrer til dei som er skeptiske til å lempe på det strenge regelverket.

Dagleg leiar Markus Hustad, seier han fryktar for mogelegheitene bøndene og forbrukarane har til å velje bort bruk av genteknologi.

Markus Hustad

SKEPTISK: Markus Hustad i økologisk Noreg er skeptisk til å gjere store endringar i regelverket rundt GMO og genredigering i landbruket. Foto: Birgitta Eva Hollander/Økologisk Norge

Foto: Birgitta Eva Hollander/Økologisk Norge

– Vi ønskjer, som alle andre, at landbruket skal bli meir berekraftig. Då meiner vi at vi må vekk frå eit innsatskrevjande og kortsiktig blikk.

Han er open for at genteknologi har uprøvde fordelar, men meiner det også kan ha moglege utilsikta effektar og risikoar.

Han er også skeptisk til om forbrukaren har lyst til å kjøpe genredigert mat.

– Dei som jobbar hardast for å få til desse endringane, er ikkje bønder eller forbrukarar. Derimot er det bedrifter som ser ei økonomisk nytte av denne utviklinga.

– Det er uansett viktig at all GMO og genredigert mat blir merka, slik at forbrukaren har høvet til å ta det valet, legg Hustad til.

Geno Øyer

MAT: Kristin Malonæs trur vi uansett vil få genredigert mat på middagstallerkenen vår i framtida. Foto: Lars Erik Skrefsrud

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Trur vi vil få genredigert mat på tallerkenen

Tilbake i fjøset til Geno, fryktar Malonæs at Noreg vil bli hengande etter i avlsarbeidet viss ein ikkje får høvet til å prøve ut genredigering.

I framtida vil vi uansett få genredigert mat på middagstallerkenen, meiner ho

– Det kjem vi heilt klart til å få. Og vi som forbrukarar vil ikkje nødvendigvis vite om kjøttstykket, osten eller mjølka kjem frå gen som er redigerte eller ikkje, fordi det ikkje er mogleg å spore det.