Vevsprøver av kyr sendt til Kripos
Politiet har sendt vevsprøver av kyrne som var skadde i Nord-Fron til kripos. Det melder GD. Det var i Skåbu at ein bonde fekk heim 8 skadde kyr, og ein mistenker at nokon har skote dei med luftgevær. Politiet har snakka med naboar og veterinær, men har enno ingen mistenkte i saka. Dei ønsker seg tips, ifølge avisa.