«Vestre Slidre sjukeheim søkjer etter ein singel mannleg institusjonskokk på ca. 45 år. Det er ønskeleg at du har sixpack og passe store biceps.»
– Dette er rett og slett ein liten glipp, seier Rolf Stalenget, kommunedirektør i Vestre Slidre kommune.
Torsdag morgon publiserte kommunen ei annonse kor dei søkte etter ein institusjonskokk.
I annonsen hadde kommunen nokre spesielle ønsker om kva slags kvalifikasjonar kokken skulle ha.
GLIPP: Ein treng verken å vere mann, singel eller 45 år for å få jobben som institusjonskokk på den nye sjukeheimen i Vestre Slidre, trass i at det sto som ønska kvalifikasjonar i den fyrste stillingsannonsen som vart publisert.
Foto: Stine Bækkelien / NRKKravstor arbeidsgjevar
I tillegg til å vere rundt 45 år, singel og ha ein godt trent kropp, sto det i annonsen at ein av arbeidsoppgåvene til kokken ville vere å ta seg godt av dei kvinnelege tilsette på kjøkkenet.
ANNONSE: Slik såg annonsen ut på jobbsøkjarportalen Webcruiter.
Foto: SkjermdumpAv personlege eigenskapar var det «fint med romantiske vibbar for å piffe opp ein ordinær kvardag».
– Det var nok nokon som hadde laga ei annonse med nokre kreative innslag som ikkje vart fjerna då annonsen skulle ut offentleg, seier kommunedirektøren
Annonsen vart publisert på både jobbsøkjarportalen Webcruiter, Arbeidsplassen og Finn.no, og låg ute til rundt klokka 16.00 torsdag ettermiddag.
KLAR OG TYDELEG: Det kom tydeleg fram i annonsen på Arbeidsplassen og Finn.no kva kvalifikasjonar dei ville at den nye kokken skulle ha.
Foto: SkjermdumpHan meiner det skal vere greitt å tulle internt på arbeidsplassen, men at det er uheldig at slike interne spøker blir offentlege.
– Vi skal sjølvsagt oppføre oss ordentleg, men når det gjekk som det gjekk, så trur eg vi må sjå på det som ein artig sak, seier han.
Han er ikkje kjend med at det har skjedd nokre liknande feilpubliseringar frå kommunen tidlegare.
SPØK: Kommunedirektør i Vestre Slidre, Rolf Stalenget, meiner ein må kunne le av den litt spesielle stillingsannonsen Vestre Slidre kommune publiserte torsdag.
Foto: Stine Bækkelien / NRKHåpar på mange søkjarar
Stalenget understrekar at ein verken treng å vere singel, mann, 45 år, ha sixpack eller passe store biceps for å få jobben som institusjonskokk på den nye sjukeheimen.
– Også andre søkjarar vil bli vurdert, seier kommunedirektøren.
Han fortel at jobbannonsen har fått mykje merksemd, spesielt etter at instagramkontoen BAdesken, med over 360.000 følgjarar, delte annonsen torsdag ettermiddag.
SJUKEHEIM: I løpet av hausten skal den nye sjukeheimen i Vestre Slidre stå klar. Til då treng dei ein ny institusjonskokk.
Foto: Stine Bækkelien / NRKKommunedirektøren veit ikkje om den litt spesielle stillingsannonsen har ført til mange søkjarar enno, men han håper tabba kan føre til ei større søknadsbunke.
– Om det vil føre til eit stort rush av søkjarar må vi berre sjå. Sjukeheimen som er i ferd med å bli ferdig blir veldig fin, så det blir i alle fall ein fin stad å kokke mat til folk etter kvart.