Leiinga i Forsvarets Logistikkorganisasjon kom med gode nyheiter til både Rena og Elverum i formiddag.
Verkstaden i Rena Leir skal bestå. Og i staden for å flytte mykje av verksemda, kan det nå bli fleire arbeidsplassar på verkstaden.
Bruker 40 mill på fullføring
Forsvaret vil bruke 40 millionar kroner til å fullføre den nye verkstaden i Rena leir.
- Det betyr at det blir minimalt med frakt av pansra kjøretøy frå Rena til Romerike for vedlikehald, seier Åmot-ordførar Ole Gustav Narud.
Mange arbeidsplassar kan vera redda
Elverum tekniske verkstad blir truleg heller ikkje lagt ned, slik mange har frykta.
Vedlikehald av våpen skal halde fram inntil vidare, mens vedlikehald av kjøretøy blir vurdert lagt ut på anbud neste år.
Dermed kan om lag 15 av dei 40 arbeidsplassane i Elverum vera redda.