Hopp til innhold

Vegen vart borte: Trond kjem seg ikkje av flekken

HUNDORP (NRK): Ferien regna praktisk talt vekk for campingturist Trond Nordli, som nå er vêrfast på Hundorp.

Campingturist Trond Nordli

FASINERANDE: Det har ikkje vorte mykje søvn på campingturist Trond Nordli, som ferierer i Sør-Fron. Men han meiner det har vore ein fasinerande oppleving.

Foto: Arne Sørenes / NRK

– Eg har vore vaken i heile natt, hatt brannsløkkingsapparatet klart og tømt forteltet for vatn, så det ikkje skulle bryte saman, fortel Trond Nordli.

Torevêr og store mengder vatn gjorde at mannen frå Kongsvinger var nervøs for både brann og oversvømming.

– Eg vert 56 år i morgon, og eg har aldri opplevd så hardt torevêr. Det er det verste vêret eg har opplevd i mi levetid, seier Nordli, som fortel at lynet slo ned like ved campingvogna.

Vegen øydelagt

No er vegforbindelsen til plassen Nordli campar øydelagt, men feriegjesten tek det med knusande ro.

– Eg skal ikkje på jobb før 20 august, så innan då har vi vel fått veg, seier Nordli, som skryt av gravemaskinførarane.

– Fara er jo om elva tek over jorda og tek ein anna retning, då kan det jo gjera stor skade. Men dei er veldig flinke dei karane her. Dei er veldig flinke til å få elva til å lystre.

Fleire vegar stengd

Regnet skapa problem på fleire vegar i området. E6 var tidlegare i dag stengd og driftsoperatør Tom Erik Amundsen i Sør-Fron kommune melder at Eksisvegen, Vintervegen, Kvikstadvegen og fylkesveg 319 måtte stenge.

– Eg må bli heime. Det er ikkje noko anna alternativ, har jo ikkje robåt, ler ein vêrfast fræning.

Jobber på spreng for å halde varnet frå E6

JOBBAR PÅ SPRENG: Fleire gravemaskiner arbeider for å redde vegar i Gudbrandsdalen, blant anna E6 i Sør-Fron.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Regnrekord

På Fåvang kom det 28.3 mm på ein time natt til måndag. Det er ny rekord. Vakthavande meteorolog Elbjørg Moxnes fortel at det i løpet av natta kom 61,4 mm nedbør på Fåvang og 76.8 mm på Venabu.

Berre ein gong tidlegare er det målt liknande nedbørsmengder i området.

– 8. juli 2014 kom det hakket meir, 87,8 på Venabu og 74,2 på Fåvang. Men natta var ein god nummer. to. Nivået for månadsnedbør kom på eit døgn, seier vakthavande meteorolog.

Det finns ikkje målestasjon på Hundorp, der skadane var størst, men Moxnes forklarar at ifylgje radarbileta ser det ut som det har kome like mykje nedbør der, som hjå målestasjonane på Fåvang og Venabu.

Flere saker fra Innlandet