– Vi skal bygge akkurat like bra som det har vore gjort før, sa prosjektdirektør Øyvind Moshagen i Nye veier då han søkte om fråvik frå krava i vegnormalen for bygginga av E6 gjennom Stange til Lillehammer.
Men det trudde ikkje vegdirektoratet på. No har Vegdirektoratet avslege søknaden, seier avdelingsdirektør Betina Sandvind.
– Det å spare på frostsikring, vil gje meirkostnader på sikt, meiner Sandvind.
Dyrt å bygge billig. I dag fekk Nye veier nei til å redusere frostlaget i bygging av ny motorveg.
Foto: E. Fløistad, BioforskAuka fare for til telehiv
Ved å redusere laget med frostfrie masser under køyrebana, meinte Nye veier å kunne spare milliardbeløp, og på den måten kunne bygge fleire kilometer veg for same prisen.
– Det handlar om kor mykje sikkerheitsmargin ein skal bygge inn og kor mykje effekt får ein av dei ekstra 60–80 centimetrane med frostsikring, seier Øyvind Moshagen i Nye veier.
Betina Sandvind i Vegdirektoratet meiner redusert frostsikring kan føre til redusert levetid på vegen og auka kostnad for trafikantane.
– Det er rett og slett for dyrt å bygge billig når det kjem til frostsikring, så det vil vi ikkje risikere.
Kan vera trafikkfarleg
På trafikkerte strekningar med høg fartsgrense kan telehiv vera direkte trafikkfarleg, meiner Vegdirektoratet.
– Vegen blir humpete, asfalten sprekk, ein får kortare levetid på vegen, og i verstefall kan det også vera trafikkfarleg, seier Betina Sandvind i Vegdirektoratet.
SIER NEI TIL BILLIGVEI: E6 nordover fra Minnesund ble bygd med god frostsikring. Nå krever Vegdirektoratet samme standard på E6 videre nordover fra Kolomoen.
Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRKØyvind Moshagen i Nye veier tek avslaget med fatning, og seier at svaret ikkje var heilt uventa.
– Det vi er veldig glade for er at dette er ei tydeleg klargjering for oss i forhold til utvikling av eksisterande veg, seier Moshagen.
Moshagen seier han har stor respekt for direktoratet som handhevar og varetek eit stort regelverk, og understrekar også at dei også har fått fleire positive svar frå direktoratet.