Dei siste dagane har det vore eit rush av folk som vil levere inn våpen til politiet i heile landet.
Ein av dei som møtte opp med uregistrerte våpen var Leif Surén frå Elverum.
- Alt er ikkje kjekt å ha, smiler Surén.
Han hadde med ein plastpose med gammal ammunisjon frå andre verdskrig.
Våpen-rush
Våpenamnestiet har ført til reine ryddesjauen.
- Dei siste dagane før våpenamnesetiet går ut har svært mange vore innom lensmannskontora og poltistasjonane, seier fyrstekonsulent, Arnfinn Brattli ved Grue lensmannskontor.
Flest hagler
Det er litt av kvart som har blitt levert til poliiet dette siste året som det har vore våpenamnesti.
Nokre av våpna er reine klenodiar, og vil truleg unngå destruksjon. Resten blir ødelagt av KRIPOS.
Ved politiet sine våpenkontor i Hedmark og Oppland er det registrert rundt 1.000 våpen og amunisjon som skal ødeleggast. 8.000 våpen er til nå etterregistret i Innlandsfylka. Dei fleste er gamle hagler som det ikkje er ulovleg å ha, men som eigarane nå ønskjer å registrere.
Vil forlenge amnestiet
I eitt år har folk levert inn eller etterregistrert ulovlege rifler og pistolar.
Sjølv om mange våpen har kome for ein dag under amnestiet, trur politiet det framleis er mange uregistret våpen i omløp.
Stortingsrepresentant Knut Storberget (Ap) meiner våpenamnestiet må utvidast, og dermed gjelde lenger enn til tysdag 31. august klokka 15.