Hopp til innhold

Dette skiltet treng du ikkje alltid bry deg om

Har du blitt møtt av «no camping»-skilt i jakta på ein fin plass å overnatte i naturen? Fleire av plassane har du kanskje rett til å telte likevel.

Camping forbudt, overnatting forbudt i Kragerø

ULOVLEG SKILT?: Om ikkje kommunen har godkjent slike skilt er det ikkje sikkert det gjeld. Miljødirektoratet seier det stort sett skal følge med oppslag om kvifor det ikkje er lov å campe, og at skiltet har heimel i lova.

Foto: Ingvild Myhre Ekeberg / Privat

19. juni kom det nye reglar som seier at kommunane ikkje lengre treng godkjenning frå Fylkesmannen før dei vedtek forbod mot camping i ulike område.

Men «Camping Forbode»-skilt i utmark må ha heimel i lova og vere godkjente av kommunen.

Miljødirektoratet får likevel meldingar om at privatpersonar spikrar dei opp.

Trond Flydal, miljødirektoratet

ULOVLEGE SKILT: Trond Flydal i Miljødirektoratet seier dei som set opp forbode-skilt må ha fått det godkjent av kommunen. Kven som helst kan ikkje gripe inn i allemannsretten, seier han.

Foto: Stein Roar Leite / NRK

– Det er ofte ikkje eit lovleg forbod. Det er ei bestemming i friluftslova som seier at kommunen kan krevje at slike skilt blir fjerna, seier seksjonsleiar for juridisk seksjon i direktoratet, Trond Flydal.

Men kommunane må ha ein god grunn før dei avgrensar allemannsretten vår, ifølge Flydal.

– Det skal ein del til. Det kan vere om grunneigarar er utsett for urimeleg belastning, eller at det blir slitasje på naturen til dømes.

Hengekøye

VANSKELEG: Det kan vere vanskeleg å vite kor ein kan henge opp hengekøye eller slå opp telt. Norsk Friluftsliv fryktar store skilnader mellom kommunar når det er blitt enklare å lage område med ferdsle-forbod.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Vart kasta vekk på natta

Blant dei som allereie har nytta den nye regelen om å forby camping er Stad kommune på Vestlandet. No nektar dei villcamping på den populære surfestranda i Hoddevik.

Det visste ikkje 23 år gamle Lykke Sofie Myrås, som ville sove under open himmel på stranda. Der såg dei ingen informasjon om det nye forbodet.

Lykke Sofie Myrås

FRUSTRERANDE: Lykke Sofie Myrås opplevde å bli kasta vekk frå camp-plassen midt på natta. Ho seier det er vanskeleg å finne informasjon om kor det er lov å ikkje å overnatte i naturen.

Foto: Privat

– Vi såg ingen skilt eller noko om at det ikkje var lov, så vi rekna med at allemannsretten gjaldt, seier Myrås.

Men i tretida på natta kom ein sinna mann og kasta dei vekk.

– Det var frustrerande og litt forvirrande sidan det ikkje var noko informasjon. Det var også folk som telta litt lengre borte. Og vi fekk eigentleg ingen god forklaring på kvifor det ikkje var lov, seier 23-åringen.

– Vanskeleg å vite

I utmark kan ein stort sett ferdast fritt, ifølge friluftslova. Men det er ikkje alltid like enkelt å vite om forbod-skiltet er godkjent av kommunen eller ikkje, seier Norsk Friluftsliv.

– Vanlegvis vil det stå eit oppslag som grunngjev kvifor ferdsle i området er avgrensa. Det er i alle fall klokt av kommunen å krevje at den informasjonen skal følge med skiltet, seier Lasse Heimdal i Norsk friluftsliv.

Generalsekretær i Norsk Friluftsliv, Lasse Heimdal, er kritisk til bygging i strandsonen

VIS OMSYN: Lasse Heimdal i Norsk Friluftsliv seier ein ofte har rett til å campe sjølv om privatpersonar har sett opp forbod-skilt. Men at det er viktig å vise omsyn til grunneigarar, natur og dyr.

Foto: Joe Urrutia

Om du ikkje finn grunngjevinga saman med skiltet kan det vere skiltet er ulovleg.

– Om det er grunneigar som har sett opp skiltet ville eg sjekka om det er godkjent av kommunen eller om det finst spesielle reglar i området. Å sjekke kommunen si heimeside kan vere eit tips, seier Heimdal.

Både han og Miljødirektoratet seier at om du finn ut at skiltet ikkje har heimel i lova, eller vurderer det slik at du ikkje forstyrrar folk eller natur ved å campe på området, kan du gjere det.

– Men du må vere budd på at det kan komme ein amper grunneigar og seie at dette ikkje er eit område for telting, seier Heimdal.

Han rår alle på Noregsferien til å vere flinke til å ta omsyn og mellom anna ta med seg all søpla si heim igjen.

– Ein viktig del av allemannsretten er også allemannsplikta. Ein skal ikkje vere til plage for grunneigar eller natur. Det er ikkje så langt unna reglane i Kardemommeby. Det går stort sett veldig bra, så lenge du brukar sunn fornuft, seier Lasse Heimdal.

Flere saker fra Innlandet