Hopp til innhold

Sperra av park etter melding om valdtekt

Politiet etterforskar nå ei meldt valdtekt i Mølleparken i Kongsvinger natt til søndag. Ein mann er sikta i saka.

mølleparken

Politiet har arrestert og sikta ein mann i 20-åra etter ei meldt valdtekt natt til søndag. Det var eit vitne som melde om hendinga, ifylgje Glåmdalen.

Kjente kvarandre

Politiet tok då kontakt med fornærma, ei jente i tenåra, og saka vart meldt. Ifylgje jourhavande jurist Bjørn Erik Pettersen hjå politiet hadde den sikta og den fornærma i saka kjennskap til kvarandre frå før.

– Det skal ikkje vere snakk om ein overfallsvaldtekt, seier Pettersen, seier han til Glåmdalen.

Laster Twitter-innhold

Gjer undersøkingar på staden

Politiet sette opp sperreband i Mølleparken og parkeringsplassen og deler av Strandpromenaden var sperra av. I tillegg vart det sett opp telt innanfor sperringane. I totida søndag skal dette ha vorte rydda vekk.

– Vi gjorde undersøkingar på staden og vi er nå i gang med avhøyr, fortel operasjonsleiar ved Innlandet politidistrikt, Marianne Brun.

Ho seier vidare at dei ikkje vil kome med meir informasjon om saka i dag, søndag.

Flere saker fra Innlandet