Hopp til innhold

Valdressaka blir utsett

Valdressaka blir utsett på ubestemt tid. Den tiltala kvinna måtte avbryte forklaringane sine i retten denne veka på grunn av helsetilstanden sin.

Aktor Arne Ingvald Dymbe og forsvarer Aasmund Sandland.

I SAMTALE: Aktor Arne Ingvald Dymbe og forsvarer Aasmund O. Dymbe i diskusjon under pause i forhandlingane i Gjøvik tinghus.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Den tiltala, Camilla Lem Heggelund braut forklaringane sine i Valdres tingrett og vart henta av ambulanse etter at ho fekk problem med blodsukkeret. Saka vart utsett ei veke, men no kom meldinga om at saka blir utsett på ubestemt tid på grunn av helsetilstanden til kvinna.

Ho er tiltala for grov mishandling etter at dotter hennar døydde av avmagring på ei hytte i Valdres nyttårsaftan 2015.

– Ikkje tilrådeleg å halde fram

Ei ny medisinsk vurdering kom i går og retten har avgjort å utsette. Det opplyser sorenskrivar Pål Prestesæter i Valdres tingrett i ei pressemelding fredag føremiddag.

– Bakgrunnen for utsetting er at vi har teke imot helseopplysningar frå spesialistar i samband med den tiltala. Det er ikkje helsemessig tilrådeleg å halde fram forhandlingane no, seier aktor i saka Arne Ingvald Dymbe.

Han meiner det er uheldig for saka at opplysningane blir liggande så langt bak i tid, og at ein eventuelt kan risikere å måtte starte forhandlingane heilt på nytt.

– Vi ser på moglegheitene som finst for å avhjelpe dette og få til ei hovudforhandling innan rimeleg tid, seier Dymbe til NRK.

Ambulanse utenfor Gjøvik tingrett

AMBULANSE: Kvinna vart henta av ambulanse og køyrt til Gjøvik sjukehus etter at ho vart sjuk under forhandlingane i retten.

Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRK

Det er uvisst når forhandlingane kan halde fram. Kvinna sin forsvarer, Aasmund O. Sandland seier kvinna gjerne skulle ønske å vere til stades, men at den helsemessige situasjonen tilseier at det ikkje går.

– Eg kan ikkje kommentere om det har å gjere med diabetesdiagnosen hennar. Det er basert på ei heilskapleg vurdering der konklusjonen er at det ikkje er tilrådeleg å halde fram, seier forsvararen til NRK.

Han seier dei gjerne vil ha saka rettsført, men det føresett at klienten er frisk nok til å delta.

Dette er saka

Den sikta kvinna skulle for første gong gi sin forklaring i retten. Det var sett av to dagar til forklaringa hennar, men dag nummer to måtte ho bryte av helsemessige årsaker.

Nyttårsaftan 2015 vart 13 år gamle Angelica frå Lommedalen i Bærum funne død på ei hytte på Beitostølen og obduksjonen viste at ho døydde av avmagring. Mor hennar, Camilla Lem Heggelund (45) er tiltala for grov mishandling og omsorgssvikt.

Fylkesmennene i Oslo og Akershus og Oppland meiner barnevernet i Bærum og Øystre Slidre har gjort seg skuldig i alvorlege lovbrot. Tre skular jenta gjekk på er også blitt granska. Det vart konkludert med at dei hadde gjort mykje for jenta, men dei fekk kritikk for at prosedyrereglar ikkje var følgt.

Flere saker fra Innlandet