– Eg trur ordninga kan ha mange negative konsekvensar og eg skjønnar ikkje kvifor vi skal halde fram med ho, seier Eva Kahrs.
Nyleg vedtok Vågå kommune å halde fram med ei fire dagars skuleveke for dei minste. Firebarnsmora som sjølv er lærar, har stilt seg kritisk til ordninga.
– Ungane får lengre skuledagar og for dei som må vere i SFO på onsdagar, så vil totalbelastninga for heile skuleveka bli større.
Kahrs legger også til at ordninga pålegg foreldre ei forventninga om å ta seg fri for å vere heime med saman barna, noko ikkje alle har moglegheit til. Ho veit fleire opplever det som sårt.
Dei siste åra har mange kommunar hatt skuleordninga oppe til diskusjon. Det har skapt stor debatt og meiningane er delte.
Færre kommunar no enn før
I ei kartlegging som nyleg vart gjort av NRK, kjem det fram at 66 kommunar i Noreg har fire dagars skuleveke for dei yngste. Ein nedgang frå 2020, då det vart
som hadde ordninga. Dette betyr ikkje at alle barneskulane i desse kommunane har denne ordninga, men at ein eller fleire har det.NEDGANG: Tabellen viser kor mange kommunar i Noreg som har ei fire dagars skuleveke i 2023, samanlikna med 2020.
Eit gode mange verdset
ONSDAGSFRI: – Det er fint med ein fridag heime saman med pappa og kaninane mine, fortel Eiril. For andreklassingen betyr onsdag skulefri og kvalitetstid saman med ein av foreldra.
– Onsdagsfri opnar opp for at vi som foreldre får meir tid saman med eigne ungar, seier Sigurd Rønningen.
Familiefaren er glad for at Vågå kommune har valt å fortsette med skuleordninga. Han meiner det er eit gode som mange set pris på.
– Overgangen til skulen kan vere hard og mine ungar har verkeleg hatt godt av eit avbrekk midt i veka.
Opp til kvar enkelt kommune
Undervisningstida er den same over heile landet, men kommunane kan sjølv velje korleis dei vil organisere skuleveka, fortel Kjetil Vevle, statssekretær i Kunnskapsdepartementet.
OPPTIL KVAR KOMMUNE: Kommunar i distriktet har ulike behov, difor er det viktig at dei sjølv får organisere skuleordninga, seier statssekretær i Kunnskapsdepartementet.
Foto: Kunnskapsdepartementet– Kvar kommune har ulike behov og trenger difor fridom til å organisere seg forskjellig, seier Vevle.
Han oppmodar likevel alle kommunar til å velje ei løysing som gjer at alle foreldre kan arbeide heiltid.
– Det kan dei løyse ved å til dømes tilby skolefritidsordning heile veka eller å utvide skuleveka til fem dagar.
Forskar: fordelar og ulemper
Seniorforskar i NORCE, Nina Jentoft, var leiar for
som i 2019 gjorde ei konsekvensutgreiing av skuleordninga. Ho trur ei fire dagars skuleveke kan ha sine fordelar, men også nokre ulemper.KONSEKVENSUTGREIING: Nina Jentoft har sett på konsekvensane skuleordninga kan ha for ungane, men også korleis den kan påverke samfunnsstrukturen.
Foto: Pål Tegnander / NRK– Læringsutbytte var det same for elevar som gjekk på skule fire dagar i veka, samanlikna med dei som har gått fem dagar.
Jentoft legg til at for nokre ungar kan det vere positivt med eit avbrekk midt i veka, men er klar på at mange barn treng skulen kvar dag.
– Ikkje alle har eit like godt nettverk eller tilbod heime, for dei barna vil ordninga vere negativ.
INGEN RETTE SVAR: Nina Jentoft meiner skuleordninga kan fungere godt for mange familiar, men det vil krevja gode tiltak frå kommunen.
Foto: Svein Sundsdal / NRKHo understrekar at samfunnet legg opp til at ein arbeider fulltid og ikkje alle foreldre har råd eller moglegheit til å ta seg fri for å vere ilag med ungane sine. Noko ho meiner kan bidra til sosiale og økonomiske skilnadar.
– Nokre nyttar sjølvsagt tilbodet om SFO, men vi såg at dei fleste valde å arbeide redusert for å vere heime med barna og som oftast var det mødrer, fortel Jentoft.
Uheldig deltidskultur
Kultur og Likestillingsminister Anette Trettebergstuen, meiner ei fire dagars skuleveke kan føre til ein uheldig deltidskultur. Både med tanke på sysselsettinga i kommunen, men også for likestillinga.
UHELDIG: Anette Trettebergstuen meiner ordninga pålegg foreldre ei forventning om å vere meir heime med ungane. Noko ho meiner kan ha negative konsekvensar.
Foto: Stig Jaarvik– Ordninga bidrar til å underbyggje eit stereotypisk kjønnsmønster som kan svekke likestillinga, vi veit at dei fleste som blir heime med barna er kvinner.
Trettebergstuen peiker på at det kan føre til at kvinner blir løns- og pensjonstaparar.
Sjølv om ho veit at det finst mange gode sider med ei redusert skuleveke, kan skuleordninga også ha ein negativ innverknad på samfunnsstrukturen. Noko ho meiner kommunane må ta omsyn til.
– Handlar ikkje om likestilling
POTETSETTING: Skulefri gjev rom for ein annleis dag for familien og i dag er det potetsetting som står på agendaen.
Rønningen meiner at diskusjonen om ein fire dagars skuleveke bør handle om barnets beste og ikkje om likestilling.
– Likestilling og rollefordeling mellom kjønna er noko som må bli avgjort av foreldra sjølve.
– Ikkje alle, men dei fleste, har moglegheit til å arbeide noko redusert. I vår familie har vi delt det heilt likt og har fri annan kvar onsdag.
Familiefaren kjenner til fleire som har løyst det på same måte og veit at mange set pris på moglegheita til å vere heime med borna.
Kahrs er ueinig, ho ønskjer eit likestilt samfunn der alle har dei same moglegheitene.
UEINIG: Eva Kahrs er heime på foreldrepermisjon og ønskjer at dottera på tre månadar skal få ei fem dagars skuleveke slik som dei fleste andre.
Foto: Ingrid Turtum / NRK– Skulen skal ikkje vere ei straff. Dei fleste elevar trivst på skulen og det skal vere skulen sitt hovudansvar å sørge for at alle har ein god skulekvardag, ikkje vi som foreldre.
7. juni 08:34: Etter publisering av denne saka har vi lagt inn ei presisering om at ikkje alle barneskulane i dei 66 kommunane har ordninga med fire dagers skuleveke, men at det gjeld ein eller fleire skular i desse kommunane.