Hopp til innhold

Legg ned våpenet for å halde liv i fjellrypa

For Liv Turtum er rypejakta årets høgdepunkt, men nå er det så lite fugl i fjellet at lokale jegerar protesterer mot jakta.

rypejeger

JAKTER IKKJE: Liv Turtum er veldig glad i rypejakt, men i år meiner ho det er så lite fugl at ho ikkje vil jakte sjølv om et er lov.

Foto: Privat

– Ingen vil skyte den siste fuglen i fjellet. I år blir hagla heime, seier Liv Turtum.

På austsida av Jotunheimen har Vågå fjellstyre opna for jakt, trass i lite fugl i fjellet. Lokale jegerar og reiselivet meiner det er heilt uforsvarleg.

– Det ser ut som ei konkurranse om å skyte siste fuglen i fjellet, seier turistvert Peter Brag.

Les også: Må avlyse rypejakta i mangel på fugl

Fjellrype i Lofotodden Nasjonalpark
Fjellrype i Lofotodden Nasjonalpark

Han seier han veit om mange jegerar som i år legg ned våpena i protest.

Liv Turtum er ein av dei mange jegerane som nå har tatt til orde for ein dugnad for å få opp igjen rypebestanden i regionen.

– Jakta er ein av dei viktige faktorane for rypebestanden, og når det er så lite fugl som i år, bør også Vågå fjellstyre frede rypa, seier Turtum.

Nabokommunar droppar jakta

I Øystre Slidre har fjellstyret vedteke å ikkje opne for jakt på rype eller orrfugl. Det er heller ikkje lov å jakte rype i kommunar som Lom, Gausdal eller Frons-kommunane.

LOV/IKKJE LOV: I deler av Vågå er det opna for rypejakt i år, medan fleire nabokommunar (dei blå) har sagt nei til jakt på grunn av låg bestand i delar av kommunane. Grensene for statsalmenningane fell ikkje saman med kommunegrensene. For eksempel er det lov å jakte rype i Vulufjell statsalmenning som ligg på austsida av Lågen i kommunane Sør-Fron og Nord-Fron.

I Dovre seier dei at jegerar maksimalt kan skyte ei rype per dag, og maksimum fem i heile sesongen. Lesja og Ringebu forbyr jakta i delar av kommunane. Vestre Slidre kommune har kvote på to fuglar om dagen.

Erlend Birkeland Nilsen er seniorforskar i NINA og seier at Nord-Gudbrandsdalen er av dei områda som har hatt lite rype dei siste åra.

Erlend Birkeland Nilsen, seniorforskar i NINA. Rypeekspert.

BESTANDEN: Seniorforskar i NINA, Erlend Birkeland Nilsen, seier det er klare forskjellar i bestanden i område med og utan jakt.

Foto: NINA

Kor stor innverknad jakta har på bestanden har vore mykje debattert, men at jakta er ein faktor er heva over tvil.

– Når vi gjer eksperiment og samanliknar område utan jakt med område med høgt jakttrykk, ser vi klåre skilnader, seier Erlend Birkeland Nilsen i NINA.

Les også: Elleville budrunder for rypejakt endte på seks millioner

Jakob Trøan og Embret Rønning
Jakob Trøan og Embret Rønning

Meiner det er forsvarleg

Leiar i Vågå fjellstyre, Pål Grev, er kjent med kritikken, men seier dei har tatt avgjerda på same grunnlag som alltid.

Tre lag gjorde rypetaksering på seks stader og fleire gonger på kvar stad. Mannskapa rapporterte om greitt med rype og store fuglar, seier han.

– Takseringa er forsvarleg, og slik vi vurderte det var det greitt å opne for jakt.

Men han understrekar at jakta er avgrensa og at fjelloppsynet følger nøye med på utviklinga og har god kontakt med jegerane.

– Det kan godt hende vi stoppar jakta frå 30. september slik vi gjorde i fjor, seier Pål Grev.

– Er de redde dykk er med på å svekke rypebestanden?

– Ikkje meir enn i fjor.

Død rype og jeger

TAKSERING: Det er gjort rypetaksering som vanleg i forkant av jakta, og Vågå fjellstyre meiner det er greitt med avgrensa jakt.

Foto: Kjartan Trana / NRK

Får bekymringsmeldingar

Bak disken på Randsverk camping har Peter Brag seld jaktkort og overnatting til jegerar i 25 år. Nå ser han at mange lokale ikkje vil jakte.

– Dei sender bekymringsmeldingar inn til oss om fuglebestanden, fortel Brag.

Brag meiner det ikkje er forsvarleg å tillate jakt. Han spør seg kva undersøkingar fjellstyret i Vågå har gjort for å kunne rettferdiggjere jakta, når fleire andre melder om låg bestand. Han meiner avgjerda er teke på alt for spinkelt grunnlag.

– Signalet vi sender ut til samfunnet når ein held på med jakt i område der det ikkje er fugl, her køyrer ein berre på. Då er det noko gale.

Han er redd fuglen blir utrydda, og seier dei som jaktar i haust må ta omsyn til si eiga samvit.

– Om jegeren får kjøpt jaktkort er det jo legitimt for han å reise på jakt. Ein kvar må vere sin samvit nærmast. Treng det vere eit menneske som skyt den siste fuglen, spør han.