Utset e-sportsarrangement grunna kopling til Smiths venner

Alt var klart for ei norsk VM-kvalifisering i e-sport i helga. Reaksjonar frå e-sportsmiljøet gjer no at Norges e-sportforbund ikkje gjennomfører arrangementet.

POLAND-GAMING-COUNTER-STRIKE

OPPLEGG TIL VM: Counterstrike var eit av spela som skulle spelast i helga. Her frå IEM Katowice i Polen i 2017

Foto: ANDRZEJ GRYGIEL / AFP

Til helga skulle Norges e-sportforbund arrangere VM-kvalifisering i spela Counterstrike og Dota 2.

Forbundet, som vart etablert i fjor med kontor på Lillehammer, vart invitert av det internasjonale e-sportforbundet i juni til å arrangere VM-kvalifisering i Noreg. Eit eventuelt landslag vil få sjansen til å delta i Verdsmesterskapet i Israel i november.

Men grunna reaksjonar på arrangementsstaden Oslofjord Convention Center, må dei endre på kvalifiseringa i siste liten. Det var pressfire.no som først omtala saka.

Thomas Breen

IKKJE GODT NOK FORANKRA: Thomas Breen i Norges e-sportsforbund meiner dei burde ha hatt ein betre prosess med å forankre arrangementet med deltakarane.

Foto: Mette Finborud Børresen / NRK

– No arbeider vi for å få til sluttspelet som eit online-event, slik at vi kan få det beste landslaget vi kan få, seier Thomas Breen, presseansvarleg i Norges e-sportforbund.

Reagerer på kopling til Smiths venner

Oslofjord Convention Center (OCC) sine lokale ligg Melsomvik i Vestfold. Det er eit aksjeselskap som er eigd av Brunstadstiftelsen. Stiftinga vart oppretta i 2002 av Brunstad Christian Church, også kalla Smiths venner.

Denne koplinga har blitt møtt med reaksjonar frå fleire spelarar og e-sportsklubbar, mellom anna Apeks, Timber E-sport og Bitfix Gaming, skriv gamer.no. Det er særleg kyrkja sitt standpunkt på homofile som gjer at fleire har takka nei til å delta.

Breen meiner den korte tidsfristen for å arrangere meisterskapen har gjort at dei ikkje fekk hatt ein god nok prosess i utarbeidinga av arrangementet med deltakarane.

– Eg står veldig godt inne for vurderinga vi gjorde med tanke på arrangementsstad, men vi burde ha forankra avgjerda betre opp mot laga som skulle delta.

Han seier at dei tenkte å opponere mot haldningane til frikyrkjesamfunnet, mellom anna ved å heise regnbogeflagg første dag. Dette var avklart med OCC.

– Vi tenkte det kunne vere fint å ha den markeringa på den staden, også for skape inkludering for dei 250 000 barna og ungdommane som tilhøyrer frikyrkjesamfunn i heile landet.

Kan ikkje støtte slike trussamfunn

Ein av klubbane som ikkje ønskte å delta i VM-kvalifiseringa er Apeks. Dei er ein e-sportsklubb med eit hovudfokus på skytespelet Counter-Strike, og har to forskjellige lag og trenarar for det spelet i stallen sin.

CEO i Apeks, Denise Anfinnsen, er fornøgd med at forbundet no snur, og meiner markeringa dei planla med regnbogeflagg ikkje var bra nok.

Denise Anfinnsen, CEO i APEX, ved datamaskin.

UTELUKKANDE POSITIV: Denise Anfinnsen i Apeks seier dei har fått god respons på avgjerda deira om å ikkje delta.

Foto: Privat

– Det er fint at dei ville gjere ei markering på Oslofjord Convention Center, men det tek ikkje bort ifrå det faktum at vi ikkje ynskjer å økonomisk støtte eit trussamfunn som meiner at homofile lever i synd, og som bruker pengane på å spreie denne retorikken, seier ho.

Onsdag gjekk dei ut med ei pressemelding på Twitter der dei skriv at dei valte å ikkje melde seg på VM-kvalifiseringa, og oppfordra Norges e-sportforbund til å endre arrangementsstad.

Pressemelding Apeks
Foto: Skjermdump

– Det var ei avgjerd alle spelarane var einige i, og vi har fått utelukkande god respons på valet om å ikkje delta.

Anfinnsen seier Apeks vil vurdere om dei skal delta i VM-kvalifiseringa etter kvart som dei får meir informasjon frå Norges e-sportforbund.

Uavhengig av trussamfunnet

Sals- og marknadsdirektør i Oslofjord Convention Center, Finn Erling Røgenæs, er tydeleg på at selskapet blir drive uavhengig, og ikkje er styrt av Brunstad Christian Church.

Finn Erling Røgenæ, salgs- og markedsdirektør i Oslofjord Convention Center.

SKJØNAR FORVIRRINGA: Røgenes seier OCC er drive på reine kommersielle premissar, men at han forstår at folk blandar saman aktørane.

Foto: Oslofjord Convention Center

– Oslofjord blir drive på reine kommersielle premissar, men vi forstår at ein kan blande saman aktørane slik strukturen er i dag. Vi har eit behov for eit enda tydelegare skilje mellom Brunstad Christian Church og Oslofjord Convention Center som ein kommersiell aktør. Det er også eit pågåande arbeid.

Brunstadstiftelsen vedtok i fjor å sørgje for at eigarforholdet mellom OCC og frikyrkja var tydeleg skilt frå kvarandre

Han seier dei tykkjer det er synd at dei ikkje får vere med på å arrangere VM-kvalifiseringa, og at det ikkje er nokon grunn til å ikkje nytte seg av lokala deira.

Oslofjord Convention Center

STORE LOKALE: Oslofjord Convention Center ligg i Vestfold.

Foto: Oslofjord Convention Center / privat

– Vi ynskjer alle velkomne til Oslofjord Convention Center og vi praktiserer nulltoleranse mot diskriminering ovanfor våre gjestar, kundar og tilsette.

I fjor laga NRK brennpunkt ein dokumentar som tok for seg den økonomiske praksisen til frikyrkja, mellom anna gjennom forholdet deira til Brunstadstiftelsen.

Det er ved Guds nåde at nokon er fattige og andre er rike, seier den åndelege leiaren i Smiths Venner. Er det difor han sjølv er så rik?

Det er ved Guds nåde at nokon er fattige og andre er rike, seier den åndelege leiaren i Smiths Venner. Er det difor han sjølv er så rik?

  • Les også: