Hopp til innhold

– Treng vi ein ny skøytehall, ein time frå Vikingskipet?

Idrettstoppane vil ha ny skøytehall i Oslo dersom byen får OL i 2022. – Det er trass alt berre ein god time frå Oslo til Vikingskipet på Hamar, seier Viggo Sundmoen i Hamar Olympiske Anlegg.

Vikingskipet, Hamar

Det kan bli lite norske flagg i Vikingskipet i framtida dersom Skøyteforbundet får det som dei vil.

Foto: Bjørn Sigurdsøn, Sigurdsøn, Bjørn / Scanpix

I går vart det klart at dei sju olympiske vinteridrettsforbunda einstemmig går inn for å søkje vinter-OL i Oslo i 2022. Det skapte umiddelbart sinne i Tromsø, nå murrar det også på Hamar.

Det kom nemleg fram at sjølv om dei alpine øvingane skal leggjast til Kvitfjell og Hafjell, skal storparten av arrangementet leggjast til hovudstaden. Der er det også planar om å byggje ein ny skøytearena i Oslo sentrum.

– Vi treng ei storstue for hurtigløp i hovudstaden, og vi har allereie lagt planar, sa skøytepresident Vibecke Sørensen i går.

– Glimrande anlegg på Hamar

– Det er ikkje så veldig overraskande, vi har registrert at dette er noko dei har jobba med i Oslo i lang tid. Det blir nok ein politisk diskusjon om det er nødvendig å byggje ein ny hall i Oslo når dei har eit glimrande anlegg på Hamar.

Det seier dagleg leiar for Hamar Olympiske Anlegg, Viggo Sundmoen. Han fortel at Vikingskipet har ei avtale om å vere nasjonalanlegg for hurtigløp på skøyter fram til 2020.

– Det betyr at vi har 120 døgn med is i året, og skal ha alle verdscupløp, VM og EM i Vikingskipet fram til 2020. Det blir vel ei sentral politisk avgjerd i forhold til ei eventuell ny avtale etter 2020, seier Sundmoen.

Det er tross alt berre ein god time frå Oslo til Hamar.

Viggo Sundmoen, dagleg leiar Hamar Olympiske Anlegg

– Ei fantastisk moglegheit

Humøret er langt betre lenger nord i Innlandet. Mykje tyder nemleg på at alpinøvingane i eit eventuelt OL vil bli lagt til Kvitfjell og Hafjell.

– Det var ei veldig hyggjeleg melding. At Oslo er søkjarby tykkjer eg er heilt naturleg, og at dei ser moglegheit til å nytte anlegga i Kvitfjell og Hafjell er hyggjeleg, seier ordførar Mari Botterud i Øyer.

– Vi vil bidra på beste måte til å få på plass dette. Det er ei fantastisk moglegheit for Ringebu og Innlandet, og den skal vi gripe med begge hender, supplerer ordførar Erik Odlo i Ringebu.

Men det er langt opp og fram. Både idrettsforbundet, idrettstinget og Stortinget må gå inn for eit OL før ein eventuell søknad kan leverast i løpet av 2014.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.