Sognefjellshytta er utgangspunkt for krevjande fjellturar i storslått norsk natur. Rett ved hytta kan ein også gå ein universelt forma sti med ei nokså uvanleg gangbru.
Stien opnar høgfjellet for alle uansett fysiske føresetnadar og kunnskapar.
Ferdselstellarar viser at utfarten frå Sognefjellshytta auka med 20 000 på eitt år utan at det har skada naturen, ifølge DOGA. Det er dei som deler ut prisen til prosjektet.
– Vi heidrar enkeltprosjekt og løysingar fordi de kan fungere som forbilde for andre, seier Tor Inge Hjemdal, administrerande direktør i stiftinga Design og arkitektur Noreg (DOGA).
Viktig å legge terskelen lågt
Mariann Brattland (41) hamna i rullestol etter ei ulykke for vel ti år sidan. Før ulukka hadde ho eit svært aktivt friluftsliv.
Gleda over naturen er ikkje borte, og ho ser alltid etter gode turmoglegheiter.
– Sidan eg sit i rullestol må eg ofte køyre bil. Då ser eg ikkje fargen på lavet, og mosen, og eg kjenner ikkje lukta av lyngen når eg køyrer forbi, fortel ho.
Vågå-kvinna set stor pris på tilrettelegginga som er gjort ved Sognefjellshytta.
– Du kjem så nært inn på høgfjellet. Du ser så langt innpå der, fortel ho.
STORNØGD: Mariann Brattland frå Vågå er glad det finst tilrettelagde turmoglegheiter slik at ho kan både sykle og trille med rullestolen sin.
Foto: Mariann Brattland
Har komme nærmare balanse
Tor Inge Hjemdal i DOGA meiner gangbrua i Jotunheimen er et skritt i riktig retning av å finne balanse mellom å gjere inngrep og samtidig vareta naturen.
Ifølge regjeringas handlingsplan for universell utforming er det et mål at flest mogleg skal kunne oppleve Noregs nasjonalparkar. Men verneforskriftene setter nokon avgrensingar.
– For nasjonalparkar er universell utforming ein utfordring og vi ser at dette prosjektet har klart å løyse dette på ein forbilledleg måte.
Det vil nesten vere mogleg å ta bort hele anlegget, utan å ha øydelagt noko av naturen, meiner Hjemdal. Det er eit viktig prinsipp.
– Vi har vel alle hatt et forbruk av naturen, og veldig mange snakkar no om det «regenerative», at vi skal la naturen få plass igjen og la den komme tilbake.
VIKTIG ANERKJENNING: Tor Inge Hjemdal, administrerande direktør i DOGA, meiner turvegen er eit glimrande døme på korleis vi kan opne opp norsk natur for alle og eit eksempel til etterfølging.
Foto: Sverre Chr. JarildMed den største varsemd
Prosjektleiar Ragnhild Momrak frå arkitektfirmaet Dronninga Landskap, meiner DOGA-prisen er viktig for det vidare arbeidet med universell utforming.
– Det er veldig moro og det er ein veldig viktig pris. Den henger høgt!
SENKE TERSKELEN: – Det handlar om å senke terskelen for å få folk ut i naturen og samtidig verne han. Det er denne balansen som er så viktig, seier landskapsarkitekt Ragnhild Momrak.
Foto: Sofie BerntzenGangvegen skal også spare naturen for unødig slitasje som følgje av ferdsel. Mombrak forklarer at prosjektet har rydda opp i «sår» som allereie fanst i naturen.
– Det er et område som er utruleg sårbart, den høgste vegetasjonen er ti millimeter, så her er alle inngrep i landskapet synlege i årevis.
Mombrak seier dei har lært mykje av å ha tett kontakt med utbyggarane.
– Inngrepa i dette prosjektet skulle vere så fåmælte og lite synlege som mogleg. Det tar hundrevis av år å lage ein grøn lavdekt stein, og så er den øydelagt på ti minutt.
LÅG TERSKEL: Det er mogleg å spasere over gangbrua i Jotunheimen med småsko og jeans. Denne turstien er tilgjengeleg for barnevogner, rullestolar og alle som ikkje er utstyrte for høgfjellet.
Foto: Alexander Nordby / NRKGodt besøkt
Eigar Råmund Mundhjeld på Sognefjellshytta fortel at turstien er tilgjengeleg frå midten av juni til utpå hausten.
– Det er godt motteke av gjestane våre og godt besøkt, seier han.
Ifølge DOGA viser ferdselstellarar at passeringar ut frå Sognefjellshytta auka frå 7000 før opninga av turstien ved innfallsporten i 2018 til heile 27 000 året etter.
Mundhjeld meiner turstien har varetatt naturen på ein god måte, og seier mange av gjestane skryt av kor godt stien passar inn i landskapet.
– Det var det veldig stort fokus på i byggeprosessen, at det skulle ligge fint i terrenget og ikkje vere skjemmande.
TEK VARE PÅ NATUREN: Stien rundt delar av Fantesteinsvatnet er laga slik at han sparer naturen for unødig slitasje.
Foto: Even Lusæter / NRKGjer turlivet enkelt
For Mariann er det avgjerande å kunne halde fram sitt aktive turliv.
– Eg blir inne-sur viss eg blir for mykje inne. Då må ein finne dei gode turmoglegheitene og dei gode løysingane.
Ho håpar enno fleire får auga opp for tilrettelagde turstader.
JOTUNHEIMEN NASJONALPARK: Sognefjellsvegen er Nord-Europas høgaste fjellovergangsveg. Ifølgje nasjonalparkforvaltar Kari Sveen var det tidleg bestemt at innfallsporten skulle ligge langs Sognefjellsvegen.
Foto: Even Lusæter / NRK