– Dei opptaka eg har fått gjort her er rett og slett fantastiske, seier ein entusiastisk naturfotograf der han sit på ein stein nokre hundre meter nedanfor demninga ved Hunderfossen.
Arnt Mollan har filma aure mange stader. Men noko slikt har han aldri sett før:
NATURFOTOGRAF: Arnt Mollan ved Lågen.
Foto: arne sørenes / nrk– Nei, du må i eit oppdrettsanlegg for å filme noko tilsvarande, seier Mollan. Så mykje stor fisk som står roleg, det finn du ikkje noko annan stad.
Rekordmykje fisk
Kvart år blir kvar einaste fisk som passerer gjennom trappene ved demninga i Hunderfossen registrert av Åse Brenden, som har jobba på settefiskanlegget til Eidsiva Energi i 26 år. Aldri har ho sett så mykje fisk som i år:
–Nei, den tidlegare rekorden på fisk gjennom demninga var på 685. No har vi snart 850 så langt i år. Det er ny rekord, og det er mange som framleis er på tur oppover for å gyte.
I DEMNINGA: Åse Brenden og forskar Morten Kraabøl gler seg over den store auka av fisk gjennom demninga.
Foto: Arne Sørenes / nrkTo hovudårsaker
Morten Kraabøl jobbar som forskar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA). Han har følgt utviklinga i aurebestanden i Gudbrandsdalslågen gjennom mange år. Han meiner at kraftselskapet Eidsiva, som driv demninga i Hunderfossen, dei siste åra har blitt flinkare til å høyre på råd frå forskarane. Dermed slepp dei vatn gjennom demninga på ein måte som leiar fisken inn i fisketrappa, og ikkje bort frå den. Slik finn fleire fisk vegen opp i trappa og gjennom kraftanlegget.
I tillegg er sportsfiskarane blitt flinkare til å sleppe ut igjen villfisk i staden for å ete den.
Viktig å ta vare på
Kvart år blir arvestoff frå villfisken som går forbi Hunderfossen tatt vare på for å klekke ut ny settefisk som om to år skal ut i Lågen.
ARVESTOFF: Melke frå hannfisk blir blanda med rogn frå hoa.
Foto: arne sørenes / nrkMorten Kraabøl meiner at det er viktig å ta vare på den unike aurestamma frå Hunderfossen:
– Den kom inn i Mjøsa og Gudbrandsdalslågen for 8 – 10 000 år sidan, og har vore her sidan. Den har etablert ein genetisk karakteristikk som gjer den unik, og vel verdt å ta vare på. Hunderauren er ein av urinnvånarane i norsk fiskefauna.
SJÅ TV-SAK OM AUREN I HUNDERFOSSEN