– Ser ikkje behov for ungdoms-OL

Ungdoms-OL som skal arrangeres i Lillehammer i 2016, er ikkje naudsynt, meiner sportskommentator, Truls Dæhli i VG.

OL Lillehammer

Ungdoms-OL er uviktig, meiner sportsredaktøren i VG.

Foto: Åserud, Lise / Scanpix

Det fyrste vinter-OL for ungdom vart arrangert i Innsbruck i Austerrike i 2012, og neste gong er det Lillehammer sin tur. Ungdoms-OL her til lands er i 2016, og eit slikt arrangement meiner sportskommentator i VG at ikkje er naudsynt.

– Eg ser ikkje på ungdoms-OL som noko det er noko som helst behov for, seier sportskommentator i VG, Truls Dæhli.

Difor meiner han at det heller ikkje er noko stor interesse for arrangementet.

– Alle som konkurrerer i forskjellige idrettar har jo sin konkurransestruktur, og sine meisterskap og sine konkurransar som er viktige, og ungdoms-OL inngår ikkje i det, legg han til.

Det er Synnøve Brenden, tidligare ordførar i Lillehammer, svært ueinig i.

– Tvert imot, dette er eit arrangement som har verdi langt utover dei ti dagane det skal arrangerast, og utover sjølve prosjektet seier ho.

– Viktig for å setje verdiar

Synnøve Brenden

Synnøve Brenden meiner ungdoms-OL er viktig.

Foto: Stig Westre / NRK

Dæhlie meiner ungdoms-OL er eit arrangement som nermast dukka opp fordi at ein ynksjer å vise seg fram som flinke, lydige, og parate til å arrangere OL. Det seier Brenden seg heller ikkje einig i.

– Ungdoms-OL er ein mogelegheit til å setje viktige verdiar på dagsorden for ungdom som ynskjer å bli idrettsutøvarar på toppnivå eller å bli trenarar eller leiarar innan internasjonal og nasjonal idrett, seier ho.

– Når me er i ei tid der me diskuterer doping innafor mange idrettar, diskuterer kommersialisering av idretten, så er det utruleg interessant å observere at ein journalist i VG då ikkje meiner at det er interessant med ungdoms-OL, seier Brenden.

Av, med, og for ungdom

Brenden fortel at ungdoms-OL er eit einstemmig stortingsvedtak, og at det er brei støtte i idretten. Ho meiner OL for ungdom er like viktig som Noregsmeisterskap og verdsmeisterskap.

– Kvifor ha junior-NM og junior-VM, viss ein ikkje skal ha ungdoms-OL, spør ho, og seier at dette er den internasjonale olympiske komiteen (IOC) sitt motsvar til dei olympiske leikane og korleis det utviklar seg.

– Det gir mogelegheita til å påvirke kva framtidige OL skal innehalde, og det står på tre pilarar, nemleg kultur, idrett og utdanning, seier Brenden.

Ungdoms-OL er av, med og for ungdom. I prosjektet har høgskulestudentar på Gjøvik utviklar logoen, ungdomsskuleelevar i Gausdal har laga filmar, og ein masterstudent ved NTNU har laga masteroppgåve på miljørekneskap for eit ungdoms-OL.

– Det viser jo at det ein vanlegvis kjøper til store arrangement, det klarer me å innvolvere ungdommen til å sjølv å vera med å bidra til, seier Brenden.

Storleik og pengar er årsaka

Det at det endå er lenge til ungdoms-OL i Lillehammer meiner Brenden er litt av årsaka til at det endå ikkje har tatt av på interesse.

– Det er over to og eit halvt år att til me skal ha ungdoms-OL, og det er ikkje eit ordinært OL, seier ho og legg til at det er 12000 akkrediterte i ti dagar i Lillehammer som kjem til å synast, og at dei så nok skal kunne skape interesse utover Lillehammer.

Ungdoms-OL som er eit offentleg eigd arrangement der staten eit 52 prosent, medan Lillehammer kommune og Norges idrettsforbund eig 24 prosent kvar.

Av offentlege pengar som bidrar frå IOC-systemet til arrangementet, så er det snakk om 250 millionar kroner.

108 millionar kroner av desse går til studentbustader på Stampesletta, og med 142 millionar att, så meiner Brenden at det ikkje er mykje pengar dersom ein samanliknar med eit ordinært OL til over 20 milliardar kroner.

Fekk ikkje med seg avgangen til direktøren

I førre veke gjekk administrerande direktør i ungdoms-OL 2016, Atle Roll-Matthiesen, av. Det fekk ikkje Truls Dæhli med seg, og det meiner han viser kor lite dette arrangementet engasjerer.

– Eg er overraska, fordi det var faktisk ukjent for meg, seier han og legg til at det er litt pinleg å seie det, men har ikkje fått det med seg før NRK sin reportar opplyser om det.

– Det fortel nok litt om ungdoms-OL og kva posisjon kva posisjon det meisterskapet har, seier han.

Brenden trur tvert i mot at interessa for arrangementet kjem når prosjekta vert tydelege utad, og når ein får fokus på det praktiske.

– Nansen-skulen, høgskulen, mange miljø i heile Innlandet og i Noreg skal vera med, og det trur eg òg vil gi merksemd, seier ho.

– Eg meiner det må vera interessant frå ein kvar samfunnsaktør å vera med på å følgje med på korleis me klarar å setje tema som doping, fred og miljø på dagsorden, legg Brenden til. Ho får motstand frå Truls Dæhli.

– Ungdoms-OL er ein litt pussig konstruksjon som det ikkje er veldig stor interesse for no, og eg trur ikkje det kjem til å bli det heller, seier han.