Store skilnader i kor mykje ungdom drikk: – Det er foreldra sitt ansvar.

Nedgangen i bruk av rusmiddel har flata ut, men tala varierer veldig frå kommune til kommune. Alkovettorganisasjon trur det kan ha blitt meir skjult under pandemien.

Nissi, Mohammed, Christine og Kaja frå Søndre Land

IKKJE SMART: I tiandeklasse er Nissi, Mohammed, Christine og Kaja einige om at det er dumt å drikke før du blir 18 år.

Foto: Åshild Slåen / NRK

Omlag ein av fire ungdommar drikk seg fulle før dei har starta på vidaregåande, og 10 prosent av tiandeklassingar har foreldre som gir dei lov til å drikke.

Likevel er det store skilnader mellom kommunar.

Søndre Land kommune ligg omlag på snittet i alkoholbruk, og på ungdomsskulen er tiandeklassingane ganske klare på kva dei synest om det å drikke.

Mohammed frå Søndre Land.

FOLK TEK EIGNE VAL: Mohammed meiner ikkje det er smart å drikke før du er 18, men det er opp til ein sjølv.

Foto: Åshild Slåen / NRK

– Du burde ikkje gjere det, sidan du kan bli avhengig. Eg ville venta til eg vart 18, men det er jo ditt val, seier Mohammed.

Foreldre som gir lov er også noko dei er litt skeptiske til.

– Altså, det er ikkje smart. Lar dei barna ta ein slurk medan dei er der, så veit dei ikkje kva det kan utvikle seg til. Likar dei det så fortset dei, og då er det ikkje enkelt å stoppe, seier Kaja frå andre sida av klasserommet.

Christine og Kaja frå Søndre Land

HAR IKKJE KONTROLL: Christine og Kaja meiner foreldre som gir lov til å drikke ikkje har så god kontroll som dei trur.

Foto: Åshild Slåen / NRK

Sidemann Christine stemmer i.

– Du har aldri så mykje kontroll som du trur du har.

Nye tal

Ungdata har publisert nøkkeltala for 2021 som tek for seg korleis ungdom har det i kvar kommune.

Sjølv om ein del foreldre gir tiandeklassingane sine lov til å drikke, er det lite frå det siste året som tyder på at den fjerdedelen ungdom som har drukke seg fulle før dei byrjar på vidaregåande gjer det heime.

Katrine Gaustad Pettersen, fungerande generalsekretær i alkovettorganisasjonen Av-og-til, seier kommunane fortel at ungdom har gøymt seg meir bort for å feste.

Katrine Gaustad Pettersen, fungerende generalsekretær i alkovettorganisasjonen Av-og-til.

REDD DET SKAL SNU: Organisasjonen Av-og-til peikar på at det ikkje har vore status å drikke, men at dei ser ein tendens til at det no kan snu.

Foto: Av-og-til

– Det er sjølvsagt ikkje noko nytt, men det siste året har det handla om at dei ikkje har lov til å møtast. Då er det også vanskelegare å hjelpe dersom noko skal skje, og politiet og foreldre har mindre oversikt.

Skjulte festar på svaberg og i skogen kjem på toppen av at trenden for ungdomsdrikking ikkje lenger peikar nedover.

– Ungdata har lenge vist ein fallande trend, men vi er bekymra for at det å drikke seg full har fått auka status i ungdomsmiljø mot kva det hadde før.

Det er nemleg ikkje mange år sidan drikking og røyking var ut.

Treng ein plass å møtast

Det at venar og det sosiale har stor innverknad på drikkekulturen er tydeleg for ungdomskoordinator i Båtsfjord kommune, Ingrid Sandberg.

Ingrid Sandberg, ungdomskoordinator i Båtsfjord

ALVORLEGE TAL: Ungdomskoordinator Ingrid Sandberg er glad for at det blir avdekka kor utbreitt alkoholbruk er blant ungdom i Båtsfjord.

Foto: Privat

Kommunen hennar skil seg særleg ut på statistikken: 44 prosent av ungdom som har drukke seg fulle, og 24 prosent drikk alkohol jamleg, meir enn ein gong i månaden. Landssnittet for dette er 13 og 5 prosent.

– Vi pratar med ungdom, og eg oppfattar at dei synest alkohol er spennande, fordi dei har lite anna å gjere.

Etter tala kom fram har kommunen sett inn tiltak slik at ungdommane skal ha andre arenaer å møtes på enn fest.

  • Fleire arenaer opnar no opp:

– Ungdomsklubben kjem blant anna til å vere open kvar helg, seier Sandberg.

Berre 2 prosent av ungdom i kommunen seier dei har foreldre som gir dei lov til å drikke.

Store skilnader

I Innlandet kan ein sjå ein ei større samanheng mellom kommunar der foreldre gir lov til å drikke, og kor mykje drikking ungdom faktisk gjer.

Lesja, Dovre, Folldal og Rendalen er nokre av kommunane der tre til fire gonger fleire enn landssnittet har foreldre som seier det er greitt å drikke.

I dei same kommunane er det to til fire gonger fleire enn landssnittet som drikk jamleg.

Det meiner Gaustad Pettersen frå Av-og-til er eit viktig poeng.

– Vi veit at det foreldra seier spel ei stor rolle. Der ungdom ikkje får lov av foreldra, drikk dei seg også generelt sjeldnare fulle.

Ho meiner det viktigaste er at vaksne gir god informasjon om dei forskjellige farane ved ein tidleg rusdebut. Ved å ha tydelege foreldre som legg føringar, og eit godt ungdomstilbod kan ein førebygge mykje.

Representative tal

Anders Bakken, forskar ved OsloMet, har arbeida med undersøkinga frå Ungdata, og seier at talgrunnlaget for rus er godt.

Anders Bakken

FLINKE TIL Å SVARE: Mange ungdommar hoppar over spørsmål i undersøkingar, men dei fleste svarar på spørsmål om rus, seier forskar Anders Bakken.

Foto: OsloMet

– Dette er nokre av spørsmåla ungdommane ikkje hoppar over når dei skal svare, så dei er veldig representative.

Likevel er det grunn til å vere litt forsiktig med tal frå små kommunar.

– I kommunar med færre elevar kan kvar enkelt kan påverke prosenten ganske mykje. Dersom fem eller ti elevar har bestemt seg for å tulle, vil det få utslag når ein samanliknar med andre kommunar.

Tverrfagleg om rus

På Søndre Land ungdomsskole er rektor oppteken av at dei pratar med ungdom om rus på forskjellige måtar.

Kjetil Folde, rektor ved Søndre Land ungdomsskole

UNDERVISNING: Rektor Kjetil Folde stepper inn som lærar i KRLE, der det går an å prate om mykje forskjellig med 10.-klassingane.

Foto: Åshild Slåen / NRK

– Vi arbeidar med haldningsskapande arbeid i fleire fag, til dømes i KRLE, og vi er veldig opptekne av det som skjer i ungdomsskulen både med rus og nettvett, seier Kjetil Folde.

Nissi på bakarste rad er oppteken av at aldersgrenser bør følgjast, men meiner det også er avgrensa kva dei sjølv kan gjere med andre sine drikkevanar.

Nissi frå Søndre Land

ALDERSGRENSE AV EIN GRUNN: Nissi veit det er fleire som ikkje bryr seg om aldersgrensa, og trur det kan vere mange forskjellige grunnar til det.

Foto: Åshild Slåen / NRK

– Det at det er så store skilnader i forskjellige kommunar er dumt, men det er jo ikkje noko vi får gjort noko med, det er meir foreldra sitt ansvar.