Hopp til innhold

Ulvar tok rein i Rendalen

Fire rein er tatt av ulv i Rendalen, og Statens naturoppsyn trur to ulvar har jakta rein som ein form for leik.

Rein tatt av ulv i Rendalen

ANGREP: SNO bekreftar at det var ulv som angreip dei fire reinsdyra.

Foto: Rendalen Renselskap

– Når det gjeld reinflokken vår, så toler me ikkje å ha ulv i terrenget, seier leiar Jo Inge Haugseth i Rendal Renselskap.

To simler og to kalvar vart funne sundag på Veslesetra, rett aust for sentrum i Rendalen i Hedmark. Dyra vart funne innanfor ein radius på 500 meter.

Ifølge Statens naturoppsyn kom det klart fram at alle fire reinsdyra var tatt av ulv.

– Det var eit par rein det var tatt litt av låra på. Det er sikkert ein slags «overkill»-sak som kjem inn i hovudet på dei. Det er mat over alt, det er lett tilgang, og då skjer det slike ting, seier seniorrådgivar Erik Ola Helstad i Statens naturoppsyn.

Det var Østlendingen som først omtalte saka.

Rein tatt av ulv i Rendalen

ULV: – Ulven kan bite byttedyra sine i til dømes rygg, lår, strupe, nakke, hals for å avlive. Skadane me såg var lett attkjennande og kunne koplast lett attkjennande til ulv, seier Helstad i Statens naturoppsyn.

Foto: Statens Naturoppsyn / SNO

Fryktar meir skade

Reinjakta er i gang i området, og det var jaktoppsynet i Rendal Renselskap som først rapporterte om eitt reinsdyr som var tatt. Deretter rapporterte jegerar om fleire.

– Ulven har no fått smaken på rein, og då reknar me med at ulven er i nærleiken av reinsflokkane og angrip til stadigheit, seier Haugseth.

Det vart rapportert om eit angrep på ein reinsdyrkalv i same område for fjorten dagar sidan, og det at det no vart tatt lite av reinen gjer Haugseth fryktar meir tap.

– Det er rett og slett berre dreping det går på. Med den erfaringa eg har, så er eg heilt sikker på at skadeomfanget er veldig mykje større enn det me fann igjen i går.

– Me må nok gå ut ifrå mange skadde, skambitne, og drepne rein.

Rein tatt av ulv i Rendalen

FIRE REIN: Ein av dei fire reinsdyra som vart funne var angripe i buken.

Foto: Statens Naturoppsyn / SNO

Truleg to ulvar

Helstad trur det kan vere to ulvar som har angripe, då jegerar tidlegare i haust har rapportert at dei har sett to ulvar saman .

Tidlegare har det mellom anna vore tilfelle der ein ulv vart skoten i mars , ein ulv vart skoten i mai og seinare at 15 sauar vart tatt av ulv i Rendalen.

Helstad bekreftar at ein truleg kan vente fleire angrep på rein.

Erik Ola Helstad i SNO

BEKREFTAR: Erik Ola Helstad i SNO trur fleire rein kan bli tatt av ulv i Rendalen.

Foto: Anne Næsheim / NRK

– Me har hatt ulv i området eigentleg heile beitesesongen, så det er vel lite som tyder på at desse stikk av no.

Fylkesmannen Innlandet har tidlegare gitt fellingsløyve på to ulvar i området til og med måndag klokka 12.00, og denne har i dag blitt forlenga til fredag den 20. september klokka 12.00.

– Me må truleg ta ein runde med Miljødirektoratet for å sjå korleis me kan få tatt ut dei to ulvane, før dei gjer for stor skade på reinstamma vår, seier Haugseth i Rendal Renselskap.

Flere saker fra Innlandet