For å auke busetjinga søker Åmot kommune Kommunaldepartementet om å få forlenga omstillingsprogrammet etter konkursen ved Rena Karton på midten av 90-talet.
Vil bety mykje
Eit av verkemidla for å auke busetjinga er altså å forlenge omstillingsprogrammet etter karton-konkursen utover fristen i 2006.
- En forlenging av programmet i nye fire-fem år vil bety mykje for kommunen, seier ordførar i Åmot, Ole Gustav Narud.
Ein Åmot-delegasjon med ordførar Narud i spissen møtte måndag ettermiddag statsekretær Frank Jensen i Kommunaldepartementet.
Vil ikkje bu i Åmot
Statssekretæren kunne ikkje love noko, men det var han som rådde Åmot til å søkje om forlenga omstillingsprogram. Åmot orienterte også statssekretæren om at kommunen på 90-talet investerte rundt 300 millionar kroner for å legge forholda tilrette for nye arbeidsplassar i Forsvaret.
Så langt har berre 203 av rundt 1.200 tilsette i Rena leir busett seg i kommunen.
- Skal fleire slå seg ned i kommunen må Forsvaret legge fleire kompetansegjevande stillingar til Rena Leir, meiner Narud.