Eit trekk på 3000 kroner frå produksjonstilskotet venta Torbjørn Jøranli etter han pløgde opp kanten av eit jorde som før var kratt og villnis.
Ein må søke om nydyrking av all jord sjølv om det er på eigen eigedom. Det visste bonden om.
Han hadde søkt om å få lage ein ny skogsbilveg i kanten av jordet sitt for enklare tilgang til skogen sin. I same slengen rydda han og pløgde eit hjørne av åkeren. Då vart det ein grei snuplass, og kunne nyttast som dyrka mark elles.
- Evelyn fekk sjokk da ho såg kva som hadde hent med den nye hytta hennar:
– Det er i praksis prat om omlag 180 kvadratmeter. Eg tenkte ikkje på at eg måtte søke om det.
Det var ikkje landbrukskontoret einige i då dei fekk dokumentasjonen for den nye gardsvegen.






FIRKANTA REGLAR: Det er inga nedre grense for kor stort areal du må søke om for å gjere til nydyrka jord.
Trudde det var bra nok
Gardbrukaren forstår at landbrukskontoret berre følgjer reglane, men tykkjer det vart litt strengt, spesielt sidan han sa frå i etterkant.
– Eg trur det kan ta 15 år å tene inn att 3000 på dei rundballane eg kan produsere på dette vesle frimerke av ein lapp, spøker han.
Etter han fekk vedtaket skreiv han eit innlegg på Facebook der han skildra situasjonen.
FØLTE SOM OM HAN STO MED LUA I HANDA: Jøranli tykkjer ikkje straffa sto til brotsverket, og mange var heilt einige.
Foto: SkjermdumpInnlegget fekk god respons, med mange som støtta han, og det er no delt over 150 gonger.
- Det er ikkje lett å drive med jordbruk. I denne kommunen slutta to av tre jordbærbønder i år.
Må søke om all nydyrking
MÅ FØLGJE REGELVERKET: Skavnes er glad for at fleire er interessert i nydyrking, men landbrukskontoret har reglar dei må overhalde.
Foto: Dag Kessel / NRK– Ifølgje forskrift om nydyrking er alt søknadspliktig, og det er det ikkje nokon nedre arealgrense på, seier Marie Skavnes, leiar ved landbrukskontoret i Lillehammer-regionen.
Skavnes seier det er mykje forskjellig som skal bli vurdert i slike søknadar, frå naturvern til kulturminneforvaltning.
– Eg har stor forståing for at det er mykje regelverk for ein gardbrukar å halde styr på, men dette er regelverket vi er sett til å forvalte, legg ho til.
Hittil i år har landbrukskontoret godkjent nesten 300 dekar til nydyrking i regionen.
- Live og Kristoffer vil lagre karbon i jorda. Les korleis det kan hjelpe klimaet.
Bondelaget
Leiar i bondelaget, Bjørn Gimming, seier det er skilnad på kva slags område som blir nydyrka.
ROM FOR SKJØNN: Forvaltinga kan ofte bruke skjønn i vurderinga av slike saker, seier leiar i Bondelaget.
Foto: Arly DaleNorway– Heilt nye felt i utmarksområde er noko anna enn til dømes område som tidlegare har vore dyrka, men som har gått ut av produksjon, seier Gimming.
Han meiner at reglane må følgjast, men at praktiseringa av reglane må kunne ta omsyn til dei forskjellige omstenda.
– I denne saka burde det vore rom for skjønn, sidan inngrepet var lite og det ikkje var fare for kulturminne eller liknande.
- Nokre gonger er det for seint å snu. Jon Anders var sjokkert over det han såg ved ulykkesstaden.
Mykje ressursar på lita sak
HELD IKKJE MÅL: Etter å ha målt opp området kjem Torbjørn fram til at det er prat om 180 kvadratmeter.
HELD IKKJE MÅL: Etter å ha målt opp området kjem Torbjørn fram til at det er prat om 180 kvadratmeter.
Torbjørn vedgår at det er han som har gjort ein feil. Etter fleire timar med synfaring og vurdering fekk han tildelt straffa si.
Gardbrukaren meiner landbrukskontoret har teke med meir i vedtaket enn dei 180 kvadratmetrane han faktisk har pløgd opp, sidan arbeidet rundt den nyetablerte vegen allereie er søkt om og godkjent. I vedtaket ender det opp på 450 kvadratmeter. Trass i dette har han valt å ikkje klage.
– Det er ei lita sak som det er brukt mykje ressursar på, så det gidd eg ikkje. Eg reknar med landbrukskontoret også har viktigare ting å drive med.
LER DET AV SEG: Torbjørn trudde område var for lite til at han trengte å søke. No tenkjer han det er for lite til å klage på.
LER DET AV SEG: Torbjørn trudde område var for lite til at han trengte å søke. No tenkjer han det er for lite til å klage på.