Hopp til innhold

Togulykke mellom Lesja og Dombås

Ein person vart skadd da eit arbeidstog kolliderte med ein lastebil på Lesja i dag.

Togulykke mellom Lesja og Dombås

ULYKKE: Eit arbeidstog og ein lastebil har kollidert mellom Lesja og Dombås.

Foto: Even Lusæter / NRK

Togulykka skal ha skjedd på Raumabanen ved Håkåstad, midt mellom Lesja og Dombås, på ein planovergang for ein privat veg.

– Lastebilføraren er skadd, og det er store skader på lastebilen, seier operasjonsleiar Kristian Bjaanes.

Føraren vart kasta ut av førarhytta, og vart seinare køyrd til Lillehammer sjukehus.

Togulykke Dombås og Lesja

STENGT: Raumabanen er stengt etter ulykka.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Lastebilen har vore på veg til å kryssa jernbanelinja da den vart treft av eit arbeidstog, fortel politiførstebetjent i Nord-Gudbrandsdalen, Emil Nørstebø.

Ifølgje Nørstebø var føraren av lastebilen ved medvit då han vart køyrd til sjukehus.

Dei to tilsette på toget er uskadde.

Innsatsleder Nøstebø

BLIR ETTERFORSKA: Politiførstebetjent i Nord-Gudbrandsdalen, Emil Nørstebø, fortel at ulykka skal etterforskast.

Foto: Even Lusæter / NRK

Raumabanen er nå stengt.

Politiet vet ikkje kva det var som forårsaka ulykka. .

– Det må vi undersøke nærmare, og politiet kjem til å etterforske saka, seier Nørstebø.

Togulykke Dombås og Lesja

SAMANSTØYT: Det var eit arbeidstog og ein lastebil som kolliderte på togstrekninga mellom Dombås og Lesja.

Foto: Even Lusæter / NRK

MELLOM LESJA OG DOMBÅS: Ulykka skal ha skjedd i nærleiken av Håkåstad.

Flere saker fra Innlandet