Hopp til innhold

Får to millionar til ulvejakt

Miljøvernministeren lovar strakstiltak til sauebøndene i Hedmark og Oppland.

Bard Vegar Solhjell i Vinstra

Miljøvernministeren lovar strakstiltak til bøndene i Hedmark og Oppland.

Foto: Geir Røed / NRK

Sauebønder i Gudbrandsdalen fortvilar over det som ser ut til å bli den verste rovdyrsommaren nokon sinne. Laurdag ettermiddag møtte miljøvernminister Bård Vegar Solhjell ordførarar og sauebønder frå heile Gudbrandsdalen, på Vinstra i Nord-Fron kommune i Oppland.

– Dykk må bli såpass vaksne at enten så seier dykk at rovdyra skal vekk, eller så skal landbruket vekk, seier Ole Petter Berget som er leiar i Nord-Fron bonde- og småbrukarlag.

Får strakstiltak

No lovar miljøvernministeren strakstiltak. Sauebøndene i Hedmark og Oppland får 2 millionar ekstra til ulvejakt, jakttidene blir truleg lengre, og dei får lov til å bruke plothundar som tidligare har vore ulovleg å bruke fordi dei kan stresse ulven.

Hundane har myndigheitane òg til no meint at ikkje er så effektive jakthundar, men no kanskje lov å bruke desse i jakta.

– Det er svært sannsynleg at det blir ein dispensasjon her, me hentar inn dei svenske ekspartane som har mykje erfaring med det, ber dei om å vurdere det, og trur dei på det, så får dei dispensasjon, fortel Solhjell.

Varierte reaksjonar

– Me tolkar det positivt, me skal vera med i ein konstruktiv dialog med miljøministeren for å få gjennomført tiltak som gjer at situasjonen vert betre, seier ordførar i Nord-Fron, Olav Røssum.

Den lokale småbrukarlagsleiaren er ikkje nøgd.

– Det er berre noko pissprat, ein million til dette her, det er ein dråpe i havet, seier Ole Petter Berget.

Flere saker fra Innlandet