Hopp til innhold

Tips til gjenbrukshalloween

Nordmenn brukar opp mot 270 millionar kroner på Halloweeneffektar kvart år. No oppfordrar Hanne Worup frå renovasjonsselskapet Glør at folk er meir medvitne på kva dei kjøper og kastar.

– Vi skal fortsette med Halloween. Det passar perfekt til mørke triste haustkveldar å feire med lys, kostyme og ete godteri, men nokre ting kan vi passe på.

Ho har fleire tips til kva det går an å gjere for å redusere avfall, blant anna:

Teikn på og lag lykter av appelsinar i staden for å kjøpe inn store graskar som ikkje blir brukt til mat. Hugs berre å sette dei på eit brannsikkert underlag.

Mal tørka haustlauv som dekorasjon, dei kan brukast opp att fleire år på rad.

Mal andletet i staden for å bruke ei billig eingongsmaske.

– Erfaringsmessig så går dei maskene fort av barna på fest. Du kan ikkje ete godteri i dei, seier Wostrup.

Hanne Worup i GLØR Lillehammer
Foto: Glør

Flere saker fra Innlandet