Hopp til innhold

Tiltalt for å ha bestilt overgrep på barn ned i treårsalderen

Politiet meiner mannen i 30-åra frå Gudbrandsdalen skal ha betalt for overgrep på små barn i utlandet via nettet.

Nord-Gudbrandsdal tingrett

I RETTEN: Ifølge tiltaleavgjerda skal mannen i fem år ha bedt andre om å utføre overgrep på små barn på nettet. No må mannen møte i retten.

Foto: Erlend Moe / NRK

Forholda skal ha gått føre seg frå 2012 til 2017. Mannen er no tiltalt for seks alvorlege punkt.

– Det gjeld seksuelle overgrep mot barn under 14 år. Det er ein alvorleg tiltale, seier aktor Iris Storås.

Ifølge tiltaleavgjerda skal mannen blant anna ha bedt foreldre om å utføre seksuelle handlingar på barna sine. Dette skal ha skjedd på barn heilt ned i treårsalderen. Den eldste skal ha vore 13 år på tidspunktet.

Dette skjedde over nett via blant anna Skype. Mannen skal ha betalt for overgrepa.

I to tilfelle nekta personane å følge mannens instruksar, og gjennomførte ikkje overgrepa.

Han er også tiltalt for å ha hatt ni bilete og ein video som viste seksuelle framstillingar eller overgrep av barn.

Fleire år sidan

Det første tilfellet skjedde for åtte år sidan. Det seinaste for tre år sidan.

– Grunnen til at denne saka kjem opp no, er at saka kom opp i forbindelse med etterforskinga av ein anna sak i seinare tid, seier Storås.

At dei fornærma i saka er barn i utlandet, har vore utfordrande for etterforskinga.

– Vanskeleg livssituasjon

Ifølge tiltala er det fleire barn som har blitt utsette for overgrep av mannen.

Bistandsadvokat Ellen Eikeseth Mjøs fortel at det berre er ein person som er identifisert og som politiet har snakka med.

– Min klient er glad for at politiet i Noreg har tatt tak i saka, og at det no er tatt ut tiltale, seier Eikeseth Mjøs.

Hennes klient er frå Romania, og det som skjedde med ho ligg langt tilbake i tid.

– Ho har hatt ein veldig vanskeleg livssituasjon, og har framleis det.

Mannens forsvarar, Åse Berit Høistad Berger, ønsker ikkje å kommentere saka før den skal behandlast i retten.

Fem dagar i retten

– Det er ein alvorleg og omfattande sak, så det er sett av god tid til bevisførselen, seier Storås.

Bevisførselen skal i all hovudsak vere politivitne som har gått gjennom ulike beslag heime hos mannen.

Strafferamma er på over seks år fengsel. Det er sett av fem dagar i retten til saka.

Saka skal førast av Nord-Gudbrandsdal tingrett, men gjennomførast i Sør-Gudbrandsdal tingrett i slutten av august.

Store mørketal

Ifølge ein rapport frå politiet om seksuell utnytting av barn over internett, veit norsk politi at mange barn i utlandet har blitt ofre for seksuelle overgrep bestilt av norske gjerningspersonar.

Sannsynlegvis er det også store mørketal.

Det gjer spesialrådgjevar for barns rettar på nett i Redd Barna, Kaja Hegg, bekymra.

– Vi er svært bekymra for at barn og unge blir utsett for seksuelle overgrep over nett, uansett kva slags land dei bur i.

Hegg er spesielt uroleg ettersom dette ofte gjeld barn som i utgangspunktet har store utfordringar knytt til barnerettar.

– Vi her i Noreg har eit ansvar for å samarbeide på kryss av landegrenser slik at vi kan bidra til å førebyggje og overvinne denne typen overgrep.

Flere saker fra Innlandet