Hopp til innhold

Er ikkje nok folk til å kunne ta sommarferie

Politifolk har måtta utsette ferien for å få kabalen til å gå opp. I Innlandet politidistrikt er dei lova 41 stillingar. Dei er det ikkje pengar til å tilsette.

Politi

FRUSTRERANDE: Fleire i Innlandet politidistrikt har ikkje hatt moglegheit til tatt ferie før langt ut i august, på grunn av mangelen på folk.

Foto: Kari Løberg Skår / NRK

Tillitsvalt for politifolka i Innlandet, Reidun Martinsen, er frustrert over situasjonen.

– Eg føler at vi tilsette neste ikkje trur på det som blir sagt lenger, for det same gjentek seg år etter år, seier ho.

Martinsen møter tilsette som fortel om for høgt arbeidspress. Mange har måtte utsette sommarferien sin, fordi politiet er underbemanna.

Arbeider heile sommaren

– Det er ikkje noko all right å arbeide heile sommaren og så byrje ferien sin ei veke før skulen byrjar att, seier den tillitsvalde.

Visepolitimeister Arne Hammersmark er klar over situasjonen. Innlandet er blant distrikta i landet med dårlegast politidekning, og særleg i de befolkningsrike områda rundt Mjøsa er det stort behov for fleire politifolk.

– Det hastar å få fleire i jobb, seier visepolitimeisteren.

Fekk pengar til 41 nye stillingar

Regjeringa løyvde millionar av kroner for å opprette 360 nye politistillingar dette året. Innlandet fekk 41 av desse. Håpet om fleire politifolk i gata og jobb til nyutdanna var stort.

– Det er openbart at alle partar ynskjer å tilsette umiddelbart, men det er slik at vi må halde oss til budsjett, og då er det vår måte å gjere det på, seier Hammersmark.

Difor er ingen av dei nyoppretta stillingane enno besett, og pengane er brukt på heilt andre ting.

– Pengane går til normal drift, både betaling av lønningar og trengde investeringar, seier visepolitimeisteren.

Arne Hammersmark

LOVAR: Visepolitimeister Arne Hammersmark seier dei 41 stillingane blir besett i løpet av året.

Foto: Erlend Moe / NRK

Kjem på plass i løpet av året

Han understrekar samtidig at det er svært viktig å få betre politidekning.

– Det er såpass mange funksjonar og lokaliseringar i innlandet som, etter mitt og mange andre sitt syn, er underbemanna.

Hammersmark lover at dei 41 nye stillinga skal tilsettast. Dei lyses ut i haust og tilsettinga skal skje innan 31. desember. Men det er usikkert om nokon av desse kjem ut i jobb inneverande år.

– Eg tvilar det er nokon særleg som står i jobb før seint på hausten i alle fall, seier han.

Flere saker fra Innlandet