Hopp til innhold

Tilsett tok bilete av rumpa til pasient ved psykiatrisk avdeling

Pasienten låg og sov med ryggen til. Trusa hadde sklidd ned og ein tilsett tok eit bilete, viste til andre og lo.

Reinsvoll

PSYKIATRISK SJUKEHUS: Reinsvoll er eitt av to psykiatriske sjukehus i Sjukehuset Innlandet.

Foto: Ragnhild Moen Holø / NRK

Det var på ei nattevakt ved Sjukehuset Innlandet si avdeling på Reinsvoll i juni at ein helsetilsett tok bilete av den sovande pasienten. Biletet vart sendt til ein kollega som var på vakt samtidig.

Leiinga ved Reinsvoll sende sjølv brev til Statsforvaltaren i Innlandet, der dei rapporterte om hendinga.

Der kjem det også fram at den tilsette viste bilete av pasienten til fleire på arbeidsplassen og lo av det.

Fylkeslegen hos Statsforvalteren kallar saka alvorleg. No er den sendt til Statens helsetilsyn.

  • Bård Hoksrud reagerte kraftig etter å ha lest om Arnfinn i Grue kommune, som levde under uverdige forhold. Les om den saka her.

Slutta i jobben

Leiinga ved Reinsvoll skriv i brevet til Statsforvaltaren at dei ser alvorleg på saka. Dei meiner det er eit heilt tydeleg brot på Helsepersonellova sin paragraf 1, som mellom anna handlar om tillit til helsepersonell.

Dei tok raskt ei samtale med den tilsette som tok bilete av pasienten.

Reinsvoll

REINSVOLL: Reinsvoll er under Sjukehuset Innlandet og ligg i Vestre Toten kommune.

Foto: Ragnhild Moen Holø / NRK

Reinsvoll informerte også pasienten om det som skjedde. Vedkommande skal ikkje ha ønska å melde saka til politiet, men seier seg nøgd med at sjukehuset har tatt saka på alvor. Vedkommande har fått informasjon om at saka er tatt vidare til Statsforvalteren.

NRK har fått eit skriftleg svar frå den helsetilsette saka gjeld. Der står det at den tilsette beklagar veldig sterkt det som har skjedd, ikkje minst ovanfor pasienten. Vedkommande seier at dette er ei krenking overfor pasienten, som skulle vore ugjort.

Den tilsette jobbar ikkje lenger ved Reinsvoll og har sjølv vald å slutte i jobben.

Sjukehuset Innlandet opplyser at dette er ei personalsak, som dei ikkje kan kommentere nærare no. Divisjonsdirektør Benedicte Thorsen-Dahl seier at den er handtert internt og varsla vidare til tilsynsmyndigheitene.

  • Då Tine Marie varsla at ho vart sjuk av manglande oppfølging, fekk ho ikkje svar. Ho flytta etter råd frå psykologen

Sendt til helsetilsynet

Etter å ha sett på saka valde Fylkeslegen i Innlandet å sende saka til Statens helsetilsyn i slutten av november. Dei skriv i brevet at dei vil ha ei vurdering på om den tilsette bør få ein administrativ reaksjon.

Ifølge dette brevet har saka blitt meir alvorleg i løpet av hausten, då leiarane ved avdelinga fekk inntrykk av at også kollegaen som fekk tilsendt biletet lo av det.

Ifølge rapporten skal biletet ha skapt «munterheit» mellom dei to. Andre tilsette skal ha reagert på at desse to ikkje forstod alvoret.

Då ein av leiarane ved avdelinga bad om å få sjå biletet, viste kollegaen til fram eit anna og meir uskyldig bilete, ifølge brevet.

Statsforvaltaren meiner den tilsette gjennom dette har prøvd å dysse ned saka, og har vist manglande sjølvinnsikt.

Reinsvoll

TILSYN: Fylkeslegen hos Statsforvaltaren i Innlandet har opna tilsyn etter hendinga, som no er sendt til Statens helsetilsyn.

Foto: Ragnhild Moen Holø / NRK

– Dette skal ikkje skje

Fylkeslege i Innlandet, Harald Vallgårda, rosar institusjonen for å melde frå om hendinga. Han understrekar at tilsynet ikkje har konkludert i denne saka, men han ser på dette som alvorleg.

– Når man bli lagt inn på sjukehus, skal man ikkje bli tatt bilete av. I alle fall ikkje i sjenerande situasjonar, seier han.

Han seier at dette var lite gjennomtenkt og dumt. Vallgårda meiner det er viktig å belyse slike saker som dette. Han ser ikkje vekk frå at terskelen for å hamne i slike situasjonar er blitt noko lågare med lett tilgjengelege mobiltelefonar og sosiale medium.

Harald Vallgårda, fylkeslege i Innlandet

ALVOR: Fylkeslege, Harald Vallgårda ser alvorleg på saka, men kan ikkje seie noko enno om kva konklusjonen av tilsynet vil bli.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Vallgårda meiner det er generelt viktig å vere forsiktig med slike ting i helseyrke.

– Vi har sett døme på at ein litt lite gjennomtenkt har teke bilete på arbeidsplassen sin, så er det blitt med nokon pasientar, og så har ein ikkje tenkt på at det er brot på teieplikta, seier han.

I brevet frå Statsforvalteren blir det nemnd et døme på dette. I 2019 var det nokon tilsette på Reinsvoll som tok eit bursdagsbilete på avdelinga.

Det dei ikkje tenkte over, var at det i bakgrunnen var ei liste på veggen, der det sto fullt namn på pasientar.

Flere saker fra Innlandet