Hopp til innhold

Ti ting du kanskje ikkje visste om ei ku

Dei kan kanskje sjå litt måpande, klønete og dumme ut. Men kyr er ålreite dyr, som du absolutt bør lære meir om!

Nysgjerrig ku

FJOSBOK: Visste du at kyr utviklar venskap som kan vere langvarig? Ei ku kan kjenne att og hugse 50–70 individ.

Foto: Dariusz Bruhnke

1. Ei ku søv svært lite, somme berre 20 minutt i døgnet. Ho brukar 4–6 timar på å ete og 10 til 14 timar på drøvtygging.

Ei ku søv berre 20 minutt i døgnet. Grafikk.

2. Ei ku har ikkje framtenner i overkjeven. Ho tygg derfor maten sidelengs.

3. Når ei ku sleiker deg er det eit venleg teikn.

Når ei ku sleiker deg er det eit teikn på venlegheit. Illustrasjon.

4. Kua trivst best når den står i retninga nord-sør. Det har forskarar kome fram til, sjølv om teorien nok er litt omstridd. Årsaka til at det er slik veit dei ikkje, men det blir spekulert i om kua har eit slags innebygd kompass.

5. Det er mykje overtru knytt til ku og storfe. Til dømes varslar det dødsfall dersom kyrne rautar mykje, heng det grasstrå i munnvika til kua så spår den regn og uvêr, og du må ikkje finne på å ete kalvehjarte – da vil du bli redd av deg.

6. Ei ku mjølkar dobbelt så mykje i dag som for 60 år sidan. Ei ku produserer i gjennomsnitt 7000 liter i året.

Ei ku mjølkar dobbelt så mykje i dag som for 60 år sidan. Grafikk.

7. Ei ku drikk omtrent 130 liter vatn i døgnet. Vasskjelda var ein farleg stad for ur-kua – derfor drikk dei opptil 20–25 liter per minutt. Den brukar altså berre 5 minutt av dagen sin på å drikke alle dei 130 litrane.

8. Kyr utviklar venskap som kan vere langvarige. Ei ku kan kjenne att og hugse 50–70 forskjellige individ.

Kyr utvikler vennskap som kan være langvarig. Ei ku kan gjenkjenne og huske 50–70 invidider.

9. Auga til storfe har rektangulær pupille. Dei er utvikla for å speide etter truslar i horisonten. Dei har berre djubdesyn eit smalt felt framover, og dei har ei blindsone bakover.

10. Ei ku produserer 100 liter spytt i døgnet ved drøvtygging.

Flere saker fra Innlandet