Hopp til innhold

Thea (31) mista nesten livet då ho vart påkøyrd på joggetur: – Eg har kjent på mykje sinne

Ho var nær å bli ein del av den dystre ulykkesstatistikken. No rår ho folk i same situasjon til å tilgi for å kome seg vidare.

Thea Skaanes Thomassen.

VEL Å TILGI: – For at eg skal bli ferdig med dette må eg berre tilgi og gå vidare med livet, seier 31-åringen.

Foto: privat

VEL Å TILGI: – For at eg skal bli ferdig med dette må eg berre tilgi og gå vidare med livet, seier 31-åringen.

Foto: privat

På ein solfylt laurdagsettermiddag i mai i fjor var Thea Skaanes Thomassen på den faste joggeturen sin ved Gaupen barneskole i Ringsaker. Ei rute ho har jogga fleire hundre gonger tidlegare.

Men denne gongen vart ikkje som alle dei andre.

Då ho skulle krysse eit gangfelt vart ho kasta framover og landa i grøfta på andre sida av vegen.

Thea vart påkøyrd, og mista nesten livet denne laurdagen. Ho fekk brotskadar i hovudet, ansiktet og armen, bløding under hjernehinna og ei lettare hjerneskade.

– Det er veldig lett å berre leggje seg ned på sofaen og takke for seg. Men eg har gjort alt for å få tilbake den kvardagen eg verdsette før dette skjedde, seier ho.

Det rår ho også andre i same situasjon til å gjere.

Thea Skaanes Thomassen.

HARDT SKADD: Thea har jobba hardt med seg sjølv, både fysisk og mentalt, for å komme seg på beina igjen etter ulykka.

Foto: privat

– Tilgir for min eigen del

Ein mann i 50-åra frå Hedmarken er dømd til fengsel i 18 dagar, og mistar retten til å køyre bil i eit halvt år etter trafikkulykka.

Ifølgje dommen i Østre Innlandet tingrett må mannen også betale 130.000 kroner i oppreisningserstatning til Thea.

Thea Skaanes Thomassen.

Thea har kjent mykje på urettferd. Etter hendinga vart ho 100 prosent sjukmeld. Ho seier ho har vore mykje sint.

Likevel har ho valt å tilgi mannen, som vart dømd for å vere grovt aktlaus.

– Eg har vore sint veldig lenge. Men eg tilgir for min eigen del, for den som ikkje tilgir vil bruka kvar dag resten av livet på å vera bitter og bera nag.

Les også Her går det nesten galt på E6: – Noen millisekund kan skille mellom liv og død

Meiner han er uskuldig

Advokat Christian Arnkværn seier at klienten hans tok dommen tungt.

Retten har lagt til grunn at Thea var innanfor fotgjerngerfeltet lenge før tiltalte nærma seg det same fotgjengarfeltet. Dette meiner mannen i 50-åra er feil.

– Han såg ho ikkje før ho var rett føre bilen hans. Kva det skuldast er uklart, seier Arnkværn og legger til:

– Han ser jo kva store skadar fotgjengaren fekk. Han synest det er tungt at han har vore årsaka til dette, uansett om han kan klandrast for det eller ikkje.

I dommen står det at:

«Når fornærma har gått ut i gangfeltet og nesten komme seg forbi køyrebanen til bilen før påkøyrselen skjedde, har den tiltalte hatt merksemda si retta mot anna enn fotgjengarfeltet eller rett og slett vore uoppmerksam. Denne handlemåten er utvilsam eit markert avvik frå vanleg handlemåte og derfor grovt aktlaus».

– Han meiner at han ikkje har vore aktlaus, og derfor burde vore frifunne, seier Arnkværn.

Om mannen skal anke dommen er enno usikkert.

Frykta ting ikkje skulle bli som før

Snittet for hardt skadde i trafikken dei fem siste åra ligg på 606 personar, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

– Når eg vakna opp på sjukehuset og kroppen var pinneved, så hadde eg ei frykt for at ting ikkje skulle bli det same igjen. Eg har fått beskjed om at dette er noko eg mest sannsynleg måtta komma til å leva med resten av livet. Det er ein tung beskjed å få, seier Thea.

Thea Skaanes Thomassen.

URETTFERD: – Sjølv om eg har tilgitt så kjem eg alltid til å kjenna på urettferd, seier Thea. Likevel har ho klart å vere glad i livet igjen. Men ho har kjempa ein hard kamp for å komma seg dit.

Foto: privat

Ho kjem med fleire råd til folk som har vore i same situasjon som ho:

  1. Tilgi: – For at ein skal bli ferdig med dette må ein berre tilgi og gå vidare med livet. Eg tilgir for min eigen del.
  2. Vêr din eigen største heiagjeng: – Å spela seg sjølv god når du ligg nede i kjellaren er den viktigaste jobben du gjer.
  3. Møt opp: – Eg har alltid meint at avtalane du gjer med deg sjølv er like viktige som dei du lagar med andre. Gjer jobben og ha mot til å gjera feil.
  4. Sjå etter lysglimt: – Uansett alvorsgrad, sjå etter lysglimt for å klamre deg fast i desse. Det tar den tida det tar, vêr tolmodig og bruk dei rundt deg for kva det er verd.

Tilbake i jobb

Thea meiner den tiltalte insinuerer at ho hoppa ut i vegbanen, ved å seie at ho ikkje var der før rett før samanstøyten.

– Eg er glad i livet. Eg trur ikkje det sat nokon med meir livsgnist enn meg i den rettssalen, seier ho.

Thea Skaanes Thomassen.

HAR KJEMPA: For Thea har det vore viktig å komma seg på beina igjen etter ulykka i mai i fjor. Ho er ei aktiv kvinne, som har drevet med idrett heile livet. – Helsa er viktig for meg. Det er ikkje slik det var før, men eg har kjempa med nebb og klør for å lukka det gapet frå kvar eg var til der eg er no, seier ho.

Foto: privat

Thea har framleis plagar, både psykisk og fysisk. Kvar morgon går ho med nervesimulator for å vekke nervane i låret til live. I tillegg går ho til utgreiing for knusningsskaden som ho fekk i låret.

Men ting er mykje betre. Allereie er Thea tilbake i 80 prosent jobb.

Kvart tilfelle er jo spesielt og av ulik grad av alvor. Men det er ein mental styrke som må trenast på kvar einaste dag - på lik linje som all anna trening du møter opp på, seier ho.

Les også Bjørg ble påkjørt på fortauet – på elsparkesykkelen sto tre ungdommer

Flere saker fra Innlandet