Hopp til innhold

Skulle håve inn denne – vart håva inn sjølv

To danske menn på sommarfugljakt i Jotunheimen kan høyrast harmlaust ut, men då politiet rykka ut håva dei inn det som truleg er storsamlarar av sjeldne sommarfuglartar.

Jakter på Apollosommarfugl

FREDA: Apollosommarfuglen vart freda i Noreg i 1989. Den er også freda i dei fleste andre europeiske landa, og er oppført på raudlista over trua artar. Bilete av dei to jegerane er tatt av gjetaren som varsla politiet.

Foto: JOHN STENSRUD/ROALD HELGE RAMEN

– Direkte meldingar om miljøkriminalitet der mistenkte er i det aktuelle området er veldig sjeldan, seier politibetjent Albert Lunde i Lom.

Det var den 29. juli at politiet fekk melding frå fjelloppsynet i Lom fjellstyre om nokon som truleg jakta den sjeldne sommarfuglarten apollo, ved Gjendebu i Jotunheimen.

Å fange apollosommarfuglar er ulovleg i Noreg, og politiet rykka ut.

– Me var på plass såpass tidleg at dei ikkje var kome ut i terrenget. Me ønska ikkje at dei skulle rekke å fange fleire, for det er ein sårbar art dette, seier Lunde.

Apollosommarfugl

LOVLEG: Å fange apollosommarfuglar er ulovleg i Noreg, men å fotografere dei er fullt lovleg.

Foto: John Stensrud

Fann kassar i Danmark

To danske menn vart arresterte, og det med 35–40 sommarfuglar i bagasjen. Politiet beslagla desse, med utstyr som var brukt til å fange dei med, og avhøyr vart gjort.

– Dei erkjente å ha fanga sommarfuglar i området, seier Lunde.

Det vart oppretta sak i Noreg, og i ettertid har dansk politi følgt opp saka. Dansk radio melder at to leilegheiter i Aalborg og Randers har blitt undersøkt, og at det der vart funne fleire flyttekassar med sommarfuglar.

– No skal det undersøkast om desse også er freda, seier Henrik Taagaard, leiar av den nye dyrevelferdsseksjonen ved Nordjylland Politi, til Dansk radio.

– Først etter dette kan me reise sikting i saka, seier han.

Apollosommarfugl

SJELDAN: Apollosommarfuglen er raudlista.

Foto: John Stensrud

Kan risikere fengsel

Etter det NRK erfarer har Miljødirektoratet gjennomført ei undersøking av beslaget med sommarfuglane i Jotunheimen, men kva resultatet var vil ikkje Miljødirektoratet opplyse om før politiet har behandla saka.

– Dersom Miljødirektoratet finn at dette er eit stort innhogg i bestanden, kan dei bli sikta for alvorleg miljøkriminalitet, seier politifullmektig Einar G. Bergum til NRK.

Ifølge dansk TV 2 kan samlarar kan betale opp mot tusen kroner per insekt av sommarfuglarten apollo. Ulovleg handel med trua dyreartar har ein omsetning på meir enn hundre millionar kroner kvart år, ifølge miljøorganisasjonen WWF.

– Brotsverket har ei strafferamme på inntil seks års fengsel, seier Bergum.

Apollosommarfugl

FLOTTE VENGER: Apollosommarfuglen har eit vengespenn på 62–85 millimeter. Vengene er kvite med enkelte svarte flekkar, og to raude flekkar på bakvengene.

Foto: John Stensrud

Flere saker fra Innlandet