Hopp til innhold

Tapte i EFTA

Nakkeskadde Olga Rindal frå Dovreskogen har ikkje fått medhald i EFTA-domstolen.

Olga Rindal
Foto: NRK

Rindal er skuffa over dommen, og meiner den viser at myndigheitene gjer som dei vil med pasientane.

- Vil dei ikkje gje oss behandling, så får vi det heller ikkje, seier ho.

Staten har ikkje plikt

Rindal var involvert i ei trafikkulykke i 1987, og gjekk til sak mot staten da ho ikkje fekk dekt kostnadene etter at hun vart operert i Tyskland. Operasjonen kosta henne 300 000 kroner.

Operasjonen gjorde henne betre, men EFTA-domstolen meiner likevel ikkje at den norske staten har plikt til å dekkje utgiftene.

Rindal veit ennå ikkje korleis ho kjem ut økonomisk etter dette. Nå vil ho prøve å koma seg ut av det på ein best mogleg måte.

- På eit vis skal det blir godt å bli ferdig med saka, seier ho.