Hopp til innhold

Tamrein i villreinflokk

Grunneigarar og jaktoppsyn i Gudbrandsdalen hevdar at tamrein er i ferd med å blande seg med villrein.

Villrein i Lærdal

Sist haust vart ein merka tamreinbukk skoten i ein villreinflokk i Rondane. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Svein Hjelmeset

Sist haust vart ein merka tamreinbukk skoten i ein villreinflokk i Rondane. Grunneigarar og jaktoppsyn i Gudbrandsdalen trur no at det er i ferd med å skje ei utvatning av villreinstammen.

Kom frå Øystre Slidre

- Det var ein merka reinsbukk på rundt 4 år som vart skoten i Rondane i fjor haust. Det bekreftar fjelloppsyn på statsalmenningen i området, Per Erik Sannnes.

Bukken kom frå eit tamreinlag i Øystre Slidre. Sandnes seier at det kan skje at einskilde bukkar berre går bort frå sin eigen flokk og finst att andre stader.

- Ikkje eineståande

Leiar i Sødorp sameie i Nord-Fron, Ole Brandvol, meiner dette ikkje er eit einskildtilfelle. - Reinen er eit nomadedyr, og bruker store område og blandar seg med kvarandre.

Han meiner dette har skjedd også andre stader, mellom anna i Røros og Femund-traktane.

Vil ikkje bli granska

Fylkesmiljøvernsjef i Oppland Sigurd Tremoen meiner derimot ikkje at finst indikasjonar på større innblanding av tamrein i villreinstamma. Han kjenner ikkje til andre tilfelle enn det i Rondane, og vil ikkje forfølgje denne saken.

- Det er same reinen

Men Jaktoppsyn i Nord-Fron, Ola Skoe, meiner det er meiningslaust å prate om at den siste villreinstammen i Europa finst i Norge. - Eg trur det er same reinen alt saman. Eg går utifrå at det har vore fleire liknande besøk inni der, og at stamma no er utvatna, seier han.