Hopp til innhold

Arbeidsplassen kan bli lagt ned: – Kollegaer hadde tårer i auga i dag

ELVERUM (NRK): Christoffer og Simen jobbar ved akuttmottaket i Elverum. No vil Helse Sør-Øst legge ned sjukehuset.

NRK, christoffer, elverum, simen, sykehus

TRIST: Christoffer Hagen Mathisen (26) og Simen Sanderlien (37) jobbar begge ved akuttmottaket på Sjukehuset i Elverum. Dei seier mange har hatt tårer i auga i dag.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

I dag la Helse Sør-Øst fram sitt forslag til kor alle sjukehusa i fylket skal ligge i framtida. I planane ligg det å legge ned sjukehuset på Elverum, og i staden bygge eit lokalmedisinsk senter og base for luftambulanse.

– Eg er nervøs for korleis det blir. Eg hadde tenkt å slå meg til ro her, ta vidareutdanning og få kjøpt meg bustad. Men eg har revurdert no, seier Christoffer Hagen Mathisen (26).

Han har jobba som sjukepleiar ved akutten i to år.

Tårer i auga

Hagen Mathisen og Simen Sanderlien (37) fortel at det har vore ein tung arbeidsdag ved sjukehuset.

– Kollegaer som jobbar her hadde tårer i auga i dag, fortel Sanderlien.

Christoffer Hagen Mathisen(26) og Simen Sandelien (37)jobber begge ved akuttmottaket på Sykehuset i Elverum.

REVURDER: Dei to unge sjukepleiarane har etablert seg i Elverum og trivst i jobben. Dei ber om at planane skal bli revurdert.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Sjølv har han jobba som sjukepleiar der i ti år og har etablert seg i Elverum med to ungar og kone. Han seier at å legge ned sjukehuset går utover veldig mange menneske.

Simen Sandelien (37)jobber ved akuttmottaket på Sykehuset i Elverum.

ETABLERT: Simen Sanderlien har heile livet sitt i Elverum, og seier han ikkje kjem til å pendle til ein ny arbeidsplass i Brumunddal.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Ein riv opp eit ganske etablert fagmiljø, akuttmedisin. Distansar er ein ting, og folk skal jo vere trygge. Det er ganske langt frå Trysil til Brumunddal, seier han.

Han bur 400 meter frå sjukehuset og har busett seg der for å vere nærme jobben.

– Det er ikkje et tema å skulle pendle, seier han.

Mjøssjukehus i Brumunddal

Det har vore planar om å bygge eit nytt stort sjukehus for heile Innlandet lenge. Det har vore snakk om å legge dette til Moelv. Men då Helse Sør-Øst la fram planane i dag sa dei at dei vil det skal hamne i Brumunddal.

Christoffer Hagen Mathisen utdanna seg i Elverum og fekk jobb etterpå. Han trivst godt og vil helst bli verande der. Han veit ikkje om han vil vere med over i eit nytt Mjøssjukehuset i Brumunddal.

Christoffer Hagen Mathisen(26) jobber ved akuttmottaket på Sykehuset i Elverum.

TUNGT: Christoffer Hagen Mathisen hadde planar om å kjøpe bustad og bli verande i Elverum. No er han usikker.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Det er vanskeleg å seie, men om alle som jobbar her skal søke dit så er det jo ikkje nok. Det er snakk om utruleg mange arbeidsplassar. Mange er knytt til sjukehuset, seier han.

Det har ligge i lufta at Helse sør-øst skulle seie at dei vil legge ned sjukehuset i Elverum. Hagen Mathisen seier det har vore tungt.

– Vær så snill, revurder, seier 26-åringen.

sykehuset innlandet Elverum

LEGGAST NED: Sjukehuset i Elverum blir truleg lagt ned og i staden skal ein få lokalmedisinsk senter i Elverum.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Dei to tilsette får støtte frå tidlegare tilsett på sjukehuset, Berit Mømb Sveen. Ho er på besøk hos mannen sin som ligg innlagt på sjukehuset. Etter besøket hang ho opp rundt 15 hjarter i julegrana utanfor sjukehuset som det står «Elverum har hjarterom».

– Eg vil så veldig gjerne at sjukehuset skal fortsette å vere her, seier ho.

Sveen synest det er trist om sjukehuset ho sjølv har jobba ved, leggjast ned.

MED HJERTE FOR SYKEHUS: Berit Mømb Sveen har hengt opp røder hjerter i treet foran sykehuset i Elverum. Hun vil gjerne at sykehuset skal bestå.

MED HJARTE FOR SJUKEHUS: Berit Mømb Sveen har hengt opp raude hjarter i treet framfor sjukehuset i Elverum. Ho vil gjerne at sjukehuset skal få stå

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Det er veldig trist og leit for hele området, og for alle som høyrer til her. Mannen min ligg her for andre gong og vi har vore nøgd med behandlinga han har fått her, seier ho.

No skal forslaget til styringsgruppa i Helse Sør-Øst først til Sjukehuset Innlandet, før det blir vedteke av Helse Sør-Øst 4. februar 2021. Så skal saka til Helseministeren.

Glede på Lillehammer

Diskusjonen om sjukehusa har vara i fleire år. Aksjonsgrupper i Lillehammer har også vore veldig synlege i denne debatten. Dei har heile vegen kjempa for å få behalde akuttsjukehuset der. Det får dei truleg.

– Glad for at vi er blitt lytta til, seier Lillehammer-ordførar Ingunn Trosholmen.

Bjørn Nørstegård, som har vore leiar for sjukehusaksjonen på Lillehammer er også glad. Men han trur ikkje siste ord er sagt.

Bjørn Nørstegård, aksjonist for sjukehuset i Lillehammer

SIGER: Bjørn Nørstegård i Lillehammer seier det er godt å bli høyrt, men trur ikkje denne diskusjonen er i hamn enno.

Foto: Knut Røsrud / NRK

– Det er nok ikkje i hamn. Vi er ikkje naive. Vi veit dette er ein vanskeleg og krevjande sak, seier han.

Samstundes seier også han at det kjennest som dei har blitt høyrt.

– Formålet med aksjonen vår er å berge sjukehuset. Vi har kjensler for Gudbrandsdølane som har lengst reiseveg. Og vi må jo seie at dei har blitt høyrt. Det er vi veldig glade for, seier han.

Gerd Elisabeth Nonstad har site i styringsgruppa og er leiar i Brukarutvalet i Sjukehuset Innlandet.

– Vi håpar ikkje det blir politisk rot no, slik at dette ikkje blir noko av, seier Nonstad.