Hopp til innhold

Anne Enger ute som styreleiar i Sjukehuset Innlandet

BRUMUNDDAL (NRK):Etter tiår med strid om nytt hovedsjukehus i Innlandet er det nå ny usikkerheit i innspurten.

Både styreleiar Anne Enger og nestleiar Tor E. Berge ved Sykehuset Innlandet trekker seg frå styret

TREKKER SEG: Styreleiar Anne Enger og nestleiar Tor E. Berge trekker seg også frå styret til Sykehuset Innlandet.

Foto: Hans Andreas Solbakken / NRK

Sist torsdag møtte styret i Sjukehuset Innlandet for å diskutere ei styringsgruppe i Helse Sør-Øst sitt framlegg om korleis sjukehusa i Innlandet skal organisere framtida.

I framlegget står det ikkje eit ord om at det nye hovedsjukehuset skal plasseras ved Mjøsbrua, der Sjukehuset Innlandet har vedteke at det skal vere. Det åpna for spekulasjonar om at Helse Sør-Øst ønskjer at Hamar skal ha hovedsjukehuset.

Det skapa kaos, og Sjukehuset Innlandet vedtok å møtas til eit ekstraordinært møte i går, mandag.

Der sprang bomba; Styreleiar Anne Enger fortalte at ho ikkje har tillitt hos Helse Sør-Øst.

Det best for alle partar at eg trekker meg, sa Enger til NRK etter styremøte.

Nestleiar Tor E. Berge trekker seg også frå styret.

Enger sit ut perioden til 26. februar. Enger seier ho ikkje kan svare på kvifor ho ikkje har fått den tilliten ho treng.

– Eg synest eigentleg dette har gått veldig bra. Men det er slik i systema, at viss dei ynskjer ein annan person som styreleiar, så får dei det. Eg er takknemleg for dei fire åra eg har fått, sa Enger.

«Press på»

– Sjukehusstrukturen i Innlandet har vore diskutert i snart 20 år. No har vi fastsett at sjukehuset skal stå klart i 2028, og dette må vi ikkje dryge meir no, sa styremedlem i Sykehuset Innlandet Ove Talsnes måndag kveld.

I januar 2019 vedtok styret i Helse Sør-Øst samrøystes at Innlandet skal få eit nytt hovudsjukehus ved Mjøsbrua. Helseminister Bent Høie sa i mars 2019 ja til å bygge eit Mjøssjukehus, men ville ikkje ta stilling til nøyaktig kvar det skulle ligge.

Men til Hamar Arbeiderblad mandag, seier Høie at sjukehuset skal liggje ved Mjøsbrua, det vil seie i Moelv eller Biri.

Førre veke kom det fram at det i styringsgruppa sin rapport, som skildrar framtidig sjukehusmodell, ikkje er presisert at hovudsjukehuset skal ligge ved Mjøsbrua.

Anne Enger på plass foran sitt siste møte som styreleder i Sykehuset Innlandet

PRESS PÅ: Styreleiar Anne Enger meiner styret skal presse på for hovudsjukehus.

Foto: Hans Andreas Solbakken

– Me har fått gjennomslag for at det skal byggast eit hovudsjukehus, Mjøssjukehuset. Eg seier ikkje Mjøsbrua no, for det er opp til Helse Sør-Øst å avgjere kor sjukehuset skal ligge, sa Enger under styremøte.

– Press på for hovudsjukehus. Viss det ikkje byggast, er eg redd Innlandet blir sitjande igjen med B-sjukehus, sa ho.

Etter styremøtet måndag ber styret om at Helse Sør-Øst skal presisere at det nye Mjøssjukehuset byggast ved Mjøsbrua.

Lege Jørgen Hurum i styret i Sykehuset Innlandet er uroa over at det ikkje er i rapporten om ny sjukehusstruktur ikkje er presisert at hovudsjukehuset skal ligge ved Mjøsbrua.

– Vårt fundament og einigheit er ankerfesta i Mjøsbrua, side aust eller vest, seier Hurum.

– Omkampen og striden no bygger nettopp på lokalisering som så mange har sett som ein føresetnad for å komme dit me har. Når me no får ein omkamp skjemmest eg over å bruke så mykje tid, seier han.

– Usikkerheit om vidare framdrift

Politisk kommentator i GD, Hallvard Grotli, seier til NRK at han synest det er ryddig av Anne Enger å trekke seg tilbake.

– Ho har kjempa ein forrykande kamp saman med administrasjonen i Sykehuset Innlandet om å få Mjøsbrua inn som ankerfeste i utgreiingsarbeidet til Helse Sør-Øst. Det har ho ikkje klart å få til. Heller ikkje med det andre leiarskapet i Sykehuset Innlandet, og då er det i grunn ingen veg utanom, seier Grotli til NRK.

Hallvard Grotli

USIKKERT: Politisk kommentator i GD, Hallvard Grotli, meiner det med Enger som trekker seg, så skaper det usikkerheit i vidare prosess i kvar eit hovudsjukehus i Innlandet skal ligge.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Han meiner avgjerda skaper større usikkerheit rundt plasseringa av et nytt hovudsjukehus, og har i GD skrive at dette kan bety exit Mjøssjukehus i Moelv.

– Anne Enger har bunde seg til ei bestemt sluttløysing, nemleg et Mjøssjukehus med adresse Mjøsbrua, som dei aller fleste har forstått som Moelv. Når ho går skaper det usikkerheit om kva som blir vidare framdrift for heile sjukehusløysinga i Innlandet, seier han, og meiner usikkerheita framover blir på om eit Mjøssjukehus blir lagt til Moelven.

– Det blir endå tydelegare no at det er Helse Sør-Øst som legg alle premiss for korleis sjukehustilbodet i Innlandet skal organiserast og utviklast, seier han.

Ueinige

Tore Hagebakken i Innlandet Arbeidarparti ynskjer ikkje å kommentere Enger si avgjersle, men legg vekt på at Enger har klart å samle dei som har bidratt om eit hovudsjukehus ved Mjøsbrua.

– Nærmast mogleg Mjøsbrua er føresetnaden for å behalde den litt unike einigheita me faktisk har om å satse saman på eit framtidsretta sjukehus, og eit veldig godt helsetilbod ved Mjøsbrua, seier Hagebakken.

Ordførar Anita Ihle Steen (Ap) i Ringsaker kommune synest det er synd å høyre at Enger trekker seg, og seier ho håper prosessen blir køyrt vidare i det sporet det til no har vore i.

– Dette handlar om lange prosessar og mange som har bidratt, men eg trur ikkje på noko før eg har sett det endelege resultatet, seier Ihle Steen.

Ordførar Einar Busterud i Hamar kommune trekk fram at sjukehusa framover ikkje kan ligge for tett.

– Du kan ikkje ha to akuttsjukehus vegg i vegg i eit område som er like stort som Danmark. Det rimar sånn sett dårleg med å samle alt langs Mjøsbrua, langs Mjøsa på austsida, seier Busterud.

Flere saker fra Innlandet