Hopp til innhold

Maren (20) er forvirra over kor ho skal ta vaksinen

Er du student, men folkeregistrert ein annan plass enn der du bur? Du kan likevel ha rett på vaksine der du oppheld deg.

Marte Stenbakken er student ved Høgskolen i Innlandet

USIKKER: Maren Andal Stenbakken (20) er om lag halvparten av tida på studieplassen og halvparten heime på Flisa. Kor ho skal ta vaksina si når det blir hennar tur, er ho usikker på.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

USIKKER: Maren Andal Stenbakken (20) er om lag halvparten av tida på studieplassen og halvparten heime på Flisa. Kor ho skal ta vaksina si når det blir hennar tur, er ho usikker på.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Regjeringa har bestemt at aldersgruppa 18–24 rykker framover i vaksinekøen. Gruppa kan få tilbodet i starten av sommaren.

Det vil seie at mange studentar snart kan få første stikk. Men ein vil ikkje nødvendigvis få innkalling der ein er i sommar.

Maren Andal Stenbakken studerer i Lillehammer. Der er ho også folkeregistrert. Men halvparten av tida er ho hos foreldra på Flisa. Det er også der ho bur i sommar, når det blir hennar tur i vaksinekøen.

– Eg veit ikkje korleis det blir. Om eg må reise til Lillehammer eller om eg kan få lov til å ta den heime der eg skal vere heile sommarferien, seier 20-åringen.

– Meld deg

Du har rett på helsehjelp der du er. Kommunane har plikt etter smittevernlova å tilby og gjennomføre vaksinering. Det gjeld også for dei som oppheld seg i kommunen over tid utan å vere folkeregistrerte der.

Dette gjeld ofte for studentar, asylsøkarar, arbeidsinnvandrar og folk som er papirlause. Det kan også vere aktuelt for til dømes pensjonistar eller andre som bur på hytta si over lengre tid.

NRK forklarer

Korleis gjer du det når du skal ha vaksine?

Korleis gjer du det når du skal ha vaksine?

Når det er di aldersgruppe sin tur til å få vaksine er det lurt å følge litt med

Korleis gjer du det når du skal ha vaksine?

Kommunane ser over lister frå folkeregisteret og fastlegen og kallar inn folk til vaksinetime

Korleis gjer du det når du skal ha vaksine?

Bur du i ei kommune du ikkje er folkeregistrert i kan du likevel få vaksine der om du oppheld deg der over tid

Korleis gjer du det når du skal ha vaksine?

Då må du ta kontakt sjølv og fortelle kommunen at du bur der, for dei har deg ofte ikkje på lista

Korleis gjer du det når du skal ha vaksine?

På kommunane sine sider kan du følge med på korleis dei ligg an. Ser du at gruppa di nærmar seg slutten kan du ta kontakt

Korleis gjer du det når du skal ha vaksine?

FHI vil helst at du prøver å ta vaksinen der du er folkeregistrert fordi dei fordeler dosane ut frå innbyggartal

Les fleire saker om vaksine her:

Camilla Møllerløkken Østensen koordinerer vaksinane i Lillehammer kommune. Ho vil ha greie på kven som vil ha vaksinen sin der, og som ikkje allereie står på lista hennar.

– Vi følger folkeregisterlister og lister frå fastlegar. Så lenge vi ikkje har dei her vil vi ikkje sende ut innkalling, fortel Møllerløkken Østensen.

Camilla Møllerløkken Østensen

RETT TIL VAKSINE: Camilla Møllerløkken Østensen er oppteken av at dei som ikkje er folkeregistrerte i hennar kommune skal ta kontakt. Dei vurderer kven av dei som ikkje er folkeregistrerte der som likevel kan få ei vaksinedose.

Foto: Ragnhild Moen Holø / NRK

Det er ikkje nokon grense for kor lenge du skal opphalde deg i ei kommune før du har rett på å få vaksinen der. Det blir gjort ei vurdering for kvart tilfelle.

– Dei må ta kontakt med kommunen om dei tenker dei kjem til å opphalde seg der i den perioden kor dei blir prioriterte, seier Camilla Møllerløkken Østensen.

FHI bekreftar at kommunane har ansvaret for å tilby vaksine. Likevel meiner dei det er ein fordel om studentar kan ta den i kommunen dei er folkeregistrerte.

– Utfordringa er at det er heimstaden, altså folkeregistreringskommunen, som får vaksinedosane etter talet på innbyggarar, seier overlege, Preben Aavitsland i FHI.

Vanskeleg å finne info

I Maren Andal Stenbakken sin omgangskrets snakkar dei mykje om vaksine. 20-åringen gler seg til å få dosane sine.

– Det gjer at ein kan få tilbake meir av det sosiale som vi har mista, seier ho.

Marte Stenbakken er student ved Høgskolen i Innlandet

HEIME I SOMMAR: Maren Andal Stenbakken jobbar heime på Flisa i sommar. Ho vil gjerne vere der i nærleiken av familien sin når ho skal ta første vaksinedose.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Men kor og korleis dette skal skje, veit ho enno ikkje.

– Eg synest det har vore vanskeleg å finne konkret fakta. Framleis sit eg med spørsmål om korleis det skal gå føre seg. Men eg får sikkert ein e-post eller melding når det kjem til at eg skal gjere noko?, seier Stenbakken.

Felipe Garcia, nestleder i Norsk studentorganisasjon forteller at det er mange fortvilte studenter.

INFORMASJON: Felipe García meiner det er viktig med betre informasjon, dersom studentane må melde seg til time sjølv. Det bør vere konkret og helst i god tid, seier han.

Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Felipe García er nestleiar i Norsk studentorganisasjon. Han seier han forventar at det kjem betre informasjon når det nærmar seg vaksine.

– Eg forventar at myndigheitene er klar over at studentar er ei gruppe som beveger på seg. At dei gjerne har ei heimkommune og ein studieplass på to ulike stader. Vi håpar dei har teke høgde for det, seier han.

Første og andre stikk

Ein treng som regel to dosar av koronavaksinane. I slutten av april vart tida mellom dosane utvida for å kunne vaksinere fleire. Dermed kan det gå opp til 12 veker mellom første og andre stikk.

Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet seier dei ser på korleis dei skal løyse dette for studentane.

– Vi vil sjå på moglegheitene for ei delt løysing slik at studentane slepper å reise heim for dose 2. Det beste er om dei rekker å få to dosar i løpet av sommarferien, seier han.

Men ifølge Camilla Møllerløkken Østensen i Lillehammer, er det ikkje noko problem å ta dei to dosane ulike plassar.

Ho registrerer vaksinane i eit nasjonalt system.

– Viss det er ein student som er i Oslo og får dose éin der og skal ha nummer to i slutten av august for eksempel. Då vil ein kunne ta kontakt å få dosen i kommunen du oppheld deg i som student, seier ho.

Flere saker fra Innlandet