Straumprisane går ikkje ned sjølv om snøsmeltinga er godt i gang. Kraftprodusentane stenger i staden lukene, og fyller magasina. Dermed blir ikkje vatnet omgjort til strum.
- Prisen vil halde seg
Marknadsprisen for straum i Norden er på litt under 25 øre for ein kilowattime.
- Den prisen vil nok halde seg godt utover sommaren, meiner administrerande direktør i Mjøskraft, Geir Nilsson.
- Prisen held seg høg sjølv om snøsmeltinga er i gang, produsentane lagar ikkje så mykje straum, og ventar til periodar med høgare prisnivå, seier Nilsson.
Uheldig for deg og meg
Fyllingsgraden i magasina er lågare nå enn den plar vera mange stadar. Det er mindre snø enn vanleg i fjellet.
Marknadsdirektør i Eidsiva, Maren Kyllingstad, seier at det skal ein veldig våt sommar til for at strumprisen går ned
- Dette er uheldig for forbrukaren, seier Nilsson.

Administrerende direktør Oddleif Sæle i Oppland Energi avvisar at dei samlar på vatnet, og gjer straumprisane dyrare.
Vasstand under gjennomsnittet
Oppland Energi produserer og sel straum på engros-marknaden, og administrerende direktør Oddleif Sæle avvisar at dei samlar på vatnet.
- Vi lyt sjå på utviklinga i straumproduksjonen sidan hausten 2002, da vi hadde ein periode med unormalt låge tilsig, seier Sæle.
- Det har gradvis betra seg, og magasinfyllinga er høgare enn på same tid i fjor, sjølv om det er langt under gjennomsnittet, opplyser Sæle.