Støtter privat krematorium
Formannskapet i Stange støtter kommunedirektøren sitt forslag om at eit privat firma kan etablere eit krematorium i kommunen.
Forslaget gjekk ut på å plassere krematoriet på ei kommunal tomt like ved Ottestad kyrkje og gravplass. Men formannskapet ber kommunedirektøren greie ut ei alternativ lokalisering Samtidig foreslår dei at kommunen inngår ei treårig intensjonsavtale med kremasjonsfirmaet Sjond AS.
Tida skal brukast til å greie ut om det er mogleg å bygge og drive krematorium ved det føreslåtte området, eller på ei alternativ tomt. Felleskyrkjeleg råd i Stange har protestert mot å legge krematoriet ved Ottestad kyrkje.
Det er frå før ein namna minnelund like ved der krematoriet er meint å ligge.