Hopp til innhold

Større brannfare i utleigehyblar

Det er større fare for brann på stader der det bur studentar. Etter storbrannen på Lillehammer vil studentane i byen setja meir fokus på branntryggleik.

Brann i Storgata på Lillehammer

STORBRANNEN i Storgata på Lillehammer har skremt mange studentar. No vil studentane arrangere ein brannsikkerheitsdag på høgskolen.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

I fjor fekk brannvesenet 49 alarmar frå leilegheiter i Storgata. Dette har fått brannsjefen til å bli uroa for branntryggleiken.

Mange verna sentrumsbygg i landet husar studentar, og etter storbrannen i Storgata har det oppstått ein debatt rundt hybelforbod i verna bygningar. Men fyrst må ein finne ut om det er bebuarane eller hybelen som er mest brannfarleg.

Kvinne i 20-årene tilstår å ha forårsaket Lillehammer-brann

– Set heller fokus på utleigarane, svarar studentane.

Henrik Wangberg

Henrik Wangberg vil arrangere ein brannsikkerheitsdag på høgskolen.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Henrik Wangberg er leiar i Lillehammer studentorganisasjon og meiner at det ikkje berre er studentane som er årsaka til dei mange branntilløpa.

– Det vi ofte ser med studentar som leiger privat, er at dei bur i bustader som ikkje er vedlikehalde godt nok, seier Wangberg.

Wangberg seier at brannsjefen heller burde jobbe med å auke branntryggleiken til bustader som blir leigd ut til studentar. I studenthyblane som skulen formidlar er det mellom anna komfyrvakt og andre viktige branntryggingstiltak. Noko som ikkje er regelen i private hyblar.

Gjør eneboliger om til ulovlige hybelhus

Brannsjef Knut Birger Bakken seier at dei er i dialog med utleigarane om branntryggleik, og at dei snakkar med bebuarane der det er gjentatte utrykkingar.

Brannfarlege vanar

Anna Karin Hermansen jobbar med brannførebygging i studentbyen Trondheim. Der myldrar det av folk i dei gamle trehusa i sentrum. Ho ser at mange studentar har ein del brannfarlege vanar.

Anna-Karin Hermansen

Anna Karin Hermansen leier brannførebyggande avdeling i Trøndelag brann- og redningsteneste. Ho meiner ein må stille strengare krav til utleigarar av hyblar.

Foto: Ole Jørgen Finnes / NRK

– Ein brukar mykje elektriske produkt, ein ladar dei om natta og har berbare pc-ar i senga.

Men det er ikkje slik at branntilløp berre skuldast studentane, seier Hermansen. Ho vil også ha strengare krav til utleigarane. Ho meiner at dei som eig desse utleigebygga ikkje er nok opptekne av den branntekniske standaren.

– Det er ofte dårleg elektrisk anlegg og dårlege dører mot trapperom som gjer at brannen spreier seg fort, seier Hermansen.

Brannvesenet delte ut nattmat til sultne studenter

Ho påpeikar at det ikkje berre er studentane som har skulda. Ho ynskjer seg no at dei gardeigarane som skal gjera om ei bygning til hyblar, også skal få krav om oppgradering av branntryggleiken, og at det skal blir fylgd opp betre enn i dag.

Leiaren i Lillehammer studentorganisasjon vil nå bruke debatten som har oppstått til å setja ekstra fokus på branntryggleik.

– Vi har i studentorganisasjonen saman med studentskipnaden registrert fråsegnene til brannsjefen, og vi skal nå arrangere ein brannsikkerheitsdag på høgskolen, for vi ynskjer å setja meir fokus på branntryggleik, seier Wangberg.

Flere saker fra Innlandet