Hopp til innhold

Stor etterspurnad etter utdanning i kunstig intelligens

Studentane flokkar seg rundt studium der kunstig intelligens har hovudrolla.

TEK-dag ved UNI Tromsø

STOR INTERESSE: Nesten 2200 studentar har dei relativt ferske KI-studia på ynskjelista si for hausten. Biletet er frå ein TEK-dag på UiT.

Foto: Linnea Berg Thorkildsen / NRK

Fredag blei årets søkartal til høgare utdanning offentleggjort.

Merksemda kring kunstig intelligens (KI) har bidrege til stor pågang for fagfeltet.

Nyoppretta studium

Høgskolen i Innlandet oppretta bachelorstudium i kunstig intelligens så seint som i desember i fjor.

Leif Holst Jensen er dekan for audiovisuelle medier og teknologi ved Høgskolen i Innlandet i Hamar

KI-studiet ved Høgskolen i Innlandet blir ifølge Leif Holst Jensen ei blanding av grunnleggande IT-kompetanse og ein modell der studentane jobbar vidare enten med utvikling av verktøy, eller anvendt bruk av KI.

Foto: Halvard Holst Grimstad

Dekan Leif Holst Jensen innrømmer at han var usikker på om høgskulen hadde klart å nå ut med bodskapen om det nye studiet.

Men tala er klare.

Det blir kamp om dei 50 studieplassane, for 171 har sett KI og Hamar på toppen av lista over der dei aller helst vil studere til hausten.

– Det er eit sterkt og godt tal, som viser tydeleg at det er etterspurnad etter denne typen utdanning, seier Jensen.

Kunstig intelligens - hype eller har det kome for å bli?

Ikkje opphaussa

Å plutseleg tilby studieprogram med kunstig intelligens, er ikkje ein opphausa greie. Eller, som Jensen seier det:

– Det er ein hype på same måte som internett var ein hype, svarer han, og refererer til at ikkje alle var overtydde om at internett var her for å bli.

Og maskinlæring og kunstig intelligens har vore del av spelutdanninga ved høgskulen tidlegare. Det nye nå er at KI er eit eige fagfelt.

UiA

Ved Universitetet i Agder er det ein auke i faktiske søkare på cirka 35 prosent, fortel Arne Wiklund. – Merksemda kring ChatGPT gjer kunstig intelligens endå meir tilgjengeleg for folk flest, og difor meir interessant å studere, trur han.

Foto: Svein Sundsdal / NRK
UiT, Norges artiske universitet, i Narvik. Bildet er tatt fra hovedinngangen.

UiT har hatt ein master i kunstig intelligens sidan 2021. – Me hadde ynskt at tala var høgare, sjølv om det er ei auke i søkartalet samanlikna med 2022 og 2023, seier undervisningsansvarleg Arne Henriksen om årets 23 søkarar.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK
Universitetsmuseet i Bergen

Ved UiB konsentrerer dei seg om den underliggjande vitskapen i teknologiutviklinga, og å utdanne studentar som òg kan drive med forsking innanfor KI.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Noreg treng folk med KI-kompetanse

Universitetet i Bergen (UiB) etablerte bachelorstudium i kunstig intelligens i 2021.

Instituttleiar for informasjons- og medievitskap, Marija Slavkovik, fortel at interessa det første året var enorm.

Da kjempa 150 om 30 studieplassar.

En kvinne i 30-årene (?) med mørkt hår

– Den offentlege oppfatninga er at kunstig intelligens er det å tenke ut smarte måtar å prompte ChatGPT på. Men det å forstå kunstig intelligens krev forståing i matematiske konsept og teoriar frå IT, filosofi og økonomi. Dette kjem overraskande på enkelte, seier Marija Slavkovik om forventningar til studiet.

Foto: UiB

I år håpar 123 å få studere kunstig intelligens ved UiB.

– Vi etablerte studiet før hypen. Vi såg at kunstig intelligens ville vere viktig, og at KI-strategien regjeringa kom med i 2020 tilsa at Noreg treng folk innanfor dette faget, seier Slavkovik.

Leif Holst Jensen ved Høgskolen i Innlandet påpeikar at kunstig intelligens er til stades i mange ting vi gjer alt.

Berre du bruker Google Maps eller du lèt algoritmane bestemme korleis du ser på ting på TV, så er det kunstig intelligens og stordata som styrer liva våre. Det må vi vere med på å styre, slår han fast.

Les også Alarmerende trend har snudd: Jasmine (18) får skryt av ministeren for valget sitt

Jasmine Fyllingen

Flere saker fra Innlandet

FOLKEFEST: Ola Venås ser mot Skeikampen og forklarer at det hver dag nesten året rundt, går flere folk på tur her.

Allemannsretten blei ikkje grunnlovfesta: Bonden Ola pustar letta ut