Ifølge Mattilsynet i Mjøsområdet er det ikkje så veldig ofte dei må stenge restaurantar på dagen. Men det måtte dei då dei såg korleis stoa var i burgarrestauranten i Brumunddal.
– Det var så ureint, så møkkete på kjøken og på utstyr som kjem i kontakt med maten at det set mattryggleiken i fare.
Det seier Bente Fauske i Mattilsynet i Mjøsområdet.
Det var Ringsaker Blad som skreiv om saka først.
Alvorlege regelbrot
Mattilsynet fortel at dei var på eit tilfeldig tilsyn. Det skulle vore gjort tidlegare i år, men koronapandemien sette ein stoppar for det.
UREINT: Bente Fauske i Mattilsynet si avdeling i Mjøsområdet seier det var så mykje skit på kjøkenet at det var fare for mattryggleiken.
Foto: Frode Meskau / NRKIfølge tilsynsrapporten som NRK har fått tilgang til fann dei veldig alvorlege brot på matlova. Fauske i Mattilsynet synest det er vanskeleg å peike på kva som var det mest alvorlege dei fann.
– Det var så gjennomgåande ureint på kjøkenet. Til dømes var det pommes frites som låg i ein urein behaldar. Men det var generelt dårleg reinhald, seier ho.
Rapporten har ei lang liste over regelbrota dei fann. Her er noko av det:
MØKK: Det brune ein ser her er eit lag av skit, seier Mattilsynet.
Foto: Mattilsynet- Oppvaskmaskina hadde skitbelegg innvendig og kurvane var brunt belegg.
- Sluk hadde matrestar og skit.
- Under alle kjøkenbenkane låg søppel og matrestar.
- Golvet på kjølerommet hadde feittsøl.
- Fleire stativ med brød hadde svart skit og matsøl på seg.
- Skåp med eingongsglas hadde skit og matsøl på seg.
I tillegg hadde dei fleire vasslekkasjar og øydelagde fliser, vegger og golv.
Må ha nytt tilsyn
STENGT: Mattilsynet skulle på ein tilfeldig smilefjeskontroll på restauranten i Brumunddalen, men enda med å stenge dørene på dagen.
Foto: Frode Meskau / NRKFor å kunne opne restauranten igjen må dei rydde opp og reparere vasslekkasjar og andre skader.
– Når dei har gjennomført det må dei ta kontakt med oss også kjem vi på nytt tilsyn, seier Bente Fauske.
Kommunikasjonssjef i McDonalds, Veronika Skagestad, seier dei allereie er i gang med arbeidet.
– Vi ser veldig alvorleg på saka og er i gang med å utbetre dei punkta vi har fått beskjed om, seier Skagestad.
RYDDAR OPP: Veronika Skagestad i McDonalds seier dei allereie har begynt å rydde opp i alle punkta frå tilsynsrapporten.
Foto: Kilian MUNCH / Kilian MUNCHHo fortel at dei har tydlege rutinar i restaurantkjeda for reinhald og vedlikehald. Ho kan ikkje svare på kva som har gått gale her.
– No er det viktigaste at vi får gjort dei grepa som er naudsynt så vi kan opne igjen. Det er viktig at det skal vere trygt å vere på McDonalds, seier kommunikasjonssjefen.
- Les også: