Hopp til innhold

Får kritikk etter dødsulukke

I fjor døydde ei kvinne ved Gjøvik trafikkstasjon då ho øvelseskøyrde. No blir Statens vegvesen kritisert for manglande sikring.

Omkom under øvelseskjøring

KRITIKK: Vegvesenet blir kritisert i rapport om ulukka.

Foto: NRK

Statens havarikommisjon har kome med ein rapport om ei motorsykkelulukke som skjedde i Gjøvik 10. juli 2020.

I rapporten kritiserer havarikommisjonen Statens vegvesen for manglande rutinar for å sørge for tryggleiken til elevar.

Ulukka involverte ei kvinne som øvde på svingkøyring med motorsykkel i køyregarden ved Gjøvik trafikkstasjon. Ho køyrde utfor ein skråning ved køyregarden og døydde med ein gong då ho kolliderte med ein vegg.

Trafikklæraren hadde to andre elevar han følgde med på, og nytta seg ikkje av stoppknapp eller kommunikasjonsutstyr med kvinna.

– No er det viktig at Vegvesenet går gjennom rutinane sine når det kjem til korleis dei vurderer risikoen knytt til køyregardar nytta til MC-kurs og opplæring, seier havariinspektør Marius Raddum.

Går gjennom rapporten

Vegvesenet informerer om at dei har fått rapporten.

– Vi tek dei tryggleiksråda kommisjonen kjem med til etterretning, og vil sjølvsagt vurdere tiltaka som er foreslått, seier Trond I.B. Olsen, fungerande avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

I tillegg til gjennomgang av rutinane deira, tilrår rapporten eit felles rapporteringssystem for ulukker. På den måten kan meiner Raddum at både Vegvesenet og forskjellige trafikkskular kan lære av slike hendingar.

Olsen seier også at dei no vil gå grundig gjennom rapporten, og at dei tek han på alvor.

– Det er klart at det er ugreitt når noko slikt skjer på jobb.

Omkom under øvelseskjøring
Foto: NRK

Flere saker fra Innlandet